Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2059 · 2021-2022

Kan statsråden redegjere for kva signal regjeringa har gjeve som er bakgrunnen for at kommunane trudde at staten var der for dei?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 13. mai 2022. Svaret kom 27. mai 2022.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
13. mai 2022
Besvart
27. mai 2022

Spørsmål

Kan statsråden redegjere for kva signal regjeringa har gjeve som er bakgrunnen for at kommunane trudde at staten var der for dei?

Begrunnelse

Kommune-Noreg opplever i dag skuffelse over at regjeringa i RNB ikkje har lagt inn pengar til å dekke kommunane sine utgifter til vikar / overtid. Dette handler om tillit mellom staten og kommunane.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 27. mai 2022

Regjeringa har vore tydeleg på at den vil stille opp for kommunesektoren med omsyn til meirutgifter og mindreinntekter knytt til korona. I Prop. 110 S (2021–2022) (Kommuneproposisjonen for 2023) slår regjering fast at den har lagt opp til at kommunesektoren blir kompensert samla for dei direkte verknadane av pandemien. For 2020 mottok kommunane kompensasjon som oversteig anslått meirutgifter og mindreinntekter med om lag 2 milliardar kroner. I 2021 var kompensasjonen 300 millionar kroner lågare enn anslått meirutgifter og mindreinntekte for kommunesektoren. Når ein ser 2020 og 2021 under eitt, så er kommunesektoren samla kompensert ut over dei anslåtte verknadane av pandemien.
Når det gjeld 2022 er det så langt løyvd i alt 2,25 milliardar kroner i kompensasjon til kommunesektoren i 2022, fordelt med 1,7 milliardar kroner på tapte billettinntekter i kollektivtrafikken og 0,55 milliardar kroner til vaksinering.
I april 2020 blei det satt ned ei arbeidsgruppe med medlemmer frå staten, kommunesektoren og KS for å gje faglege vurderingar av dei økonomiske konsekvensane som koronautbruddet har hatt for kommunesektoren. Arbeidsgruppa har fått forlenga sitt mandat, slik at dette arbeidet omfattar kartlegging for første halvår 2022. Arbeidsgruppa skal levere ein rapport innan 1. september 2022. Denne rapporten skal innehalde arbeidsgruppa sine vurderingar og anslag for naudsynte meirutgifter og mindreinntekter for 1. halvår 2022.
Regjeringa vil som vi tidlegare har sagt, kompensere kommunesektoren for dei direkte verknadane av pandemien. Beløpet og innretninga på denne kompensasjonen vil regjeringa kome attende til etter at arbeidsgruppa har lagt fram sin rapport 1. september om kostnadene for første halvår, då ein har eit samla oversyn over kostnader og kompensasjon gjennom pandemiperioden.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.