Skriftlig spørsmål nr. 1955 · 2021-2022
Har statsråden planar om å bidra økonomisk til å få rassikre Tokagjele i Kvam herad i Vestland fylke?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 1. mai 2022. Svaret kom 9. mai 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 1. mai 2022
- Besvart
- 9. mai 2022
Spørsmål
Har statsråden planar om å bidra økonomisk til å få rassikre Tokagjele i Kvam herad i Vestland fylke?
Begrunnelse
Tokagjelet er blant dei mest rasfarlege vegstrekningane i Vestland. Prosjektet som er planlagt i Kvam herad er kostnadskrevande med ny tunell. Dagens nivå på rassikringsmidlane Vestland fylkeskommune får er for små til å klare å bidra til dette viktige prosjektet samt andre rassikringsprosjekt som og er naudsynt. Politikarane i Vestland fylkeskommune held i disse dager på med prioritering av de små vegkronene de har til rådighet. Signal om auka satsing frå staten til rassikring også av fylkesveger hadde vært på sin plass.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 9. mai 2022
Det går fram av spørsmålet at dette er eit prosjekt på fylkesvegnettet. Vestland fylkeskommune har derfor ansvar for eventuelle tiltak for å rassikra vegen. Ansvaret gjeld og finansiering av tiltak.
Midlar til ras- og skredsikring på fylkesveg vart tidlegare løyvd over ein øyremerka post til fylkeskommunane. Frå 2020 er midlane innlemma i rammetilskottet. Midlane vert fordelte mellom fylkeskommunane med utgangspunkt i eit tilskottsprogram for skredsikring på fylkesvegnettet for perioden 2018 – 2023. Tilskottsprogrammet er utarbeidd av Statens vegvesen og basert på dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2018 – 2029.
For 2022 er det fordelt 870,8 mill. kr til ras- og skredsikring på fylkesveg over rammetilskottet til fylkeskommunane. Vestland fylkeskommune har fått tildelt 452,0 mill. kr av desse midlane.
Eg svara på eit tilsvarande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Framnes 30. mars i år.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.