Skriftlig spørsmål nr. 1954 · 2021-2022
Kva endringar har blitt gjort for å ha meir lokalt sjølvstyre i strandsonepolitikken?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 1. mai 2022. Svaret kom 11. mai 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 1. mai 2022
- Besvart
- 11. mai 2022
Spørsmål
Kva endringar har blitt gjort for å ha meir lokalt sjølvstyre i strandsonepolitikken?
Begrunnelse
Den nye kommunalministeren har skapt stor debatt med sitt utspel om meir lokal sjølvstyre i strandsonen. Utover sitatet i avisa er det få spor etter konkrete endringar som skal gjera det betre for kommunane.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 11. mai 2022
Dei statlege planretningslinjene for strandsona, som nyleg er revidert, skal gi rom for ei lokal tilpassing. Likevel kjem det innspel frå kommunar, og frå folk som bur i distrikta og driv næringsverksemd, om ei streng praktisering. Hurdalsplattformen er tydeleg på at regjeringa vil ha ei meir differensiert forvaltning av strandsona, med større høve for næringsutvikling og busetjing i spreidd bygde strok. Det handlingsrommet er det viktig at kommunane nyttar i sine arealplanar, og at statlege etatar legg til grunn for sin praksis når det gjeld statleg motsegn.
Eg syner for øvrig til mitt svar til representanten Njåstad på spørsmål nr. 1862.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.