Muntlig spørsmål nr. 3 · 2021-2022
Det er ei hard verd vi no må forhalde oss til. Klimaendringar, etterverknader av covid og krigen i Ukraina kastar oss inn i den eine krisa etter den andre. Global matmangel og auka konfliktnivå – i …
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til statsministeren, Jonas Gahr Støre, 20. april 2022.
- Fra
- Torgeir Knag Fylkesnes (SV)
- Til
- Statsministeren · Jonas Gahr Støre
- Datert
- 20. april 2022
- Besvart
- 20. april 2022
Energi · Næringsliv · Industri · Finanser · Priser og konkurranseforhold · Olje og gass
Spørsmål
Det er ei hard verd vi no må forhalde oss til. Klimaendringar, etterverknader av covid og krigen i Ukraina kastar oss inn i den eine krisa etter den andre. Global matmangel og auka konfliktnivå – i land, mellom land, nord mot sør, fattig mot rik – kan raskt bli ein realitet. Alt dette må møtast med politikk, større reformer og satsingar på mange frontar.
For å ta eitt av desse områda: Mange europeiske land jobbar no på spreng for å bli uavhengig av fossil import. Etter Russlands invasjon av Ukraina blir den eine klimaplanen etter den andre forsterka for hurtigast mogleg å bli uavhengig av import av gass og olje frå Putin-regimet. Dette viser kor tett klima og sikkerheitspolitikk heng saman.
Noreg er i ein svært vanskeleg situasjon. Vi tener enormt på høge olje- og gassprisar, og det tiltrekkjer seg kapital og investeringar og bind arbeidskraft til nettopp det heile Europa no med endå høgare tempo skal kvitte seg med.
Ståle Knoff Johansen i Aker Verdal fryktar industridød dersom dei grøne prosjekta framleis ikkje kjem, og han meiner at den situasjonen vi no står i, med overinvestering av kapital i olje og gass, kan føre til verftsdød.
Kva gjer regjeringa for å få Noreg ut av denne situasjonen?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.