Skriftlig spørsmål nr. 1864 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren gjere greie for kostnadsveksten dei siste 5 åra her i landet for lastebiltransporten vs., produsentprisindeks for tjenester og konsumprisindeks, gjerne % endring kvartal pr. kvartal pr. år?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 20. april 2022. Svaret kom 27. april 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 20. april 2022
- Besvart
- 27. april 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren gjere greie for kostnadsveksten dei siste 5 åra her i landet for lastebiltransporten vs., produsentprisindeks for tjenester og konsumprisindeks, gjerne % endring kvartal pr. kvartal pr. år?
Begrunnelse
Lastebil og transportnæringa er sterkt utsatt for konkurranse frå utanlandske aktørar, som konkurrerar med heilt andre kostnadselement.
I marknaden her i landet er langtidskontrakter spesielt med det offentlege vanskeleg å oppheve, og mange sliter med dei økonomiske grunnlaga.
Denne næringa opplever no ekstremt store utfordringar med tanke på ein større kostnadsauke for næringane enn samfunnet ellers. Dette er sterkt utfordrande med tanke på både inntjening og ikkje minst likviditeten til desse næringane. Dei svært høge drivstoffrpisane er no spesielt utfordrande, men også auken i bompengepakkar, bompengar, avgifter samt auka rentenivå gjer situasjonen kritisk og kan føre til fleire konkursar i tida framover.
Lastebil og transportnæringa er ei svært viktig næring for landet, og denne næringa holdt faktisk også hjula i gang og landet i gang i pandemien som begynner å dabbe av.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. april 2022
Den norske transportnæringa har ein svært viktig samfunnsfunksjon og er viktig for forsyningslinene i landet.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) visar at dei samla kostnadene for lastebiltransport har auka med 31 prosent i løpet av dei siste 5 åra, frå 1. kvartal i 2016 til 1. kvartal i 2022. Kostnadsauken har vore størst det siste året med 9,8 prosent. Drivstoffkostnadene har auka mest med 62 prosent, etterfølgde av bom- og ferjekostnadene som har auka med 43 prosent i femårsperioden.
Kostnadsendringane har variert gjennom perioden. 2021 var året med størst vekst i drivstoffkostnader med 30 prosent, mens bom- og ferjekostnadene auka mest i 2017 med 17,3 prosent. I 2020 og 2021 hadde desse komponentane ein kostnadsnedgang. I figuren over er tala henta frå SSB-tabellane 12535 og 12538.
Konsumprisindeksen (KPI) har auka med 17 prosent og Produsentprisindeksen (PPI) med 109 prosent i same femårsperiode. PPIen inkluderer heime- og eksportmarknaden og energivarar, og har auka mest i løpet av det siste året.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.