Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1792 · 2021-2022

Kan samferdselsministeren vise til kva saker ang innføring av bompengar AP har stemt imot?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 6. april 2022. Svaret kom 20. april 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
6. april 2022
Besvart
20. april 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren vise til kva saker ang innføring av bompengar AP har stemt imot?

Begrunnelse

I media kan vi lese om at AP hevdar at andre partier har ansvaret for skyhøge bompengar rundt omkring i landet.
By etter by bygg eller planlegg omfattande bypakkar der bompengar skal finansiere utbyggingane i hovudsak.
Førige regjering la også fram i 2015 ein bompengereform for massive kutt av bompengar. Her vart fleire titals milliard kr kutta i bompengar, medan AP stemte imot dette i Stortinget.
Absolutt alle saker i Stortinget ang kutt av bompengar har AP stemt imot, og AP stemmer for alle framlegg om innføring av bompengar over heile landet.
Berre i Ålesund skal AP regimet og ordføraren der påføre innbyggjarane omlag 3,9 milliard kr i bompengar, der bilistane sin lommebøker blir flådd.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. april 2022

Noreg har ein lang tradisjon for bruk av bompengar til delfinansiering av veginfrastruktur. Gjennom bompengar bidreg bilistane til å finansiere mange viktige samferdselsprosjekt. Det er eit heilt sentralt prinsipp ved bompengeinnkrevjinga at den skal vere lokalt. Innkrevjing av bompengar skjer altså på bakgrunn av lokalpolitisk initiativ og tilslutning frå lokale styresmakter. Det må føreliggje lokalpolitiske vedtak i aktuelle kommunar og i fylkeskommunen. Bompengeinnkrevjing på det offentlege vegnettet krev òg samtykke frå Stortinget, jf. veglova § 27.

Desse prinsippa gjeld óg for bompengefinansierte bypakkar der det gjennom dei seinare åra er opna for meir fleksibel bruk av bompengar til investering i, og drift av kollektivtransport. I 2017 - med FrP i regjering - blei det ved ei lovendring opna for eit meir fleksibelt takstsystem i byane for å kunne regulere trafikk, i tillegg til finanisering.
Eg vil òg vise til at med FrP i regjering og i Samferdselsdepartementet, har det i perioden 2013 til 2020 vore ein auke i mellom anna innbetalte bompengar frå bilistane frå om lag 10 mrd. kr til om lag 12 mrd. kr, jf. Tabell 6.9, Prop. 1 S (2021-2022).

Tabell 6.9 Bompenger stilt til disposisjon for investeringer og totalt innbetalte bompenger (Mill 2022-kr)

År Innbetalte bompenger - totalt 1 Bompenger stilt til disposisjon på riksveg 2 Bompenger stilt til disposisjon på fylkesvei (inkl. Oslo kommune) Bompenger stilt til disposisjon - totalt
2011 8 587 6 379 4 976 11 355
2012 9 385 8 990 5 790 14 780
2013 10 040 9 498 5 688 15 186
2014 10 342 10 495 5 446 15 941
2015 11 066 8 847 5 998 14 845
2016 11 344 8 333 3 944 12 277
2017 11 745 9 988 4 414 14 402
2018 12 112 9 085 5 170 14 255
2019 12 478 7 017 6 876 13 894
2020 12 000 8 527 5 474 14 001
2021 Prognose 11 877 9 377 5 105 14 482
2022 Anslag 10 858 4 293 15 151
1Anslag for 2022 foreligger ikke. Tallene for innbetalte bompenger fra trafikantene er basert på etterskuddsvis rapportering fra bompengeselskapene. Tall for 2020 er foreløpig tall basert på rapportering fra bompengeselskapene. Prognosene for 2021 er usikre, bl.a. som følge av endringer i trafikkmønster som følge av koronapandemien.
2 Inkl. tall for Nye Veier AS med 1 264 mill. kr i 2017, 842 mill. kr i 2018, 3 263 mill. kr i 2019, 5 474 mill. kr i 2020, 7 379 mill. kr i 2021 og 8 404 mill. kr i 2022.

Eg er oppteken av at byområda og lokale styresmakter skal kunne ha bompengar som eit verkemiddel for mellom anna å kunne nå nullvekstmålet, i tillegg til at det er eit finansieringsverkemiddel.

Arbeiderpartiet er ikkje mot bompengar, så eg meiner at det ikkje er nokon hensikt å gå nærare inn på korleis partiet har stemt i ulike bompengesaker.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.