Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1790 · 2021-2022

Justisministeren seier til VG 4/4 at vi «...kan ikke ha et land som styres av sentrale fagmiljøer», og at det «...er et sterkt behov i Norge for å lytte (....) mindre til ekspertene». På kva andre …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til statsministeren, Jonas Gahr Støre, 6. april 2022. Det ble besvart av justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl. Svaret kom 22. april 2022.

Til
Statsministeren · Jonas Gahr Støre
Besvart av
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
6. april 2022
Besvart
22. april 2022

Spørsmål

Justisministeren seier til VG 4/4 at vi «...kan ikke ha et land som styres av sentrale fagmiljøer», og at det «...er et sterkt behov i Norge for å lytte (....) mindre til ekspertene».
På kva andre fagområde enn justissektoren vil Regjeringa lytte mindre til ekspertar/fagmiljø, vil desse statlege fagmiljøa bli bygde ned i takt med at regjeringa skal lytte mindre til dei, og vil prinsippet om mindre makt til sentrale fagmiljø/ ekspertar gjelde også i klimapolitikken?

Begrunnelse

Justisminister Emilie Enger Mehl seier til VG 4. april at den nær unisone faglege motstanden frå heile landet mot å reversere domstolreformen er «Oslo-elitisme», og at det «...er et sterkt behov i Norge for å lytte mer til vanlige folk, og mindre til ekspertene». Ho seier vidare at vi «..kan ikke ha et land som styres av sentrale fagmiljøer».
Ei av dei største politiske utfordringane vi no stor overfor i Noreg og verda elles, er korleis vi raskast og mest mulig effektivt kan kutte klimautslepp og bremse øydeleggjande klimaendringar. Til no har det vore ei sjølvfølge at sentrale fagmiljø på klima, natur og energi sit i førarsetet når klimapolitikken skal utformast – og at dei faglege råda dei gjer om korleis vi skal redde klimaet blir tillagt sterk vekt i utøving av norsk politikk.
Det er alvorleg nok dersom Statsministeren stiller seg bak Justisministeren sitt syn om at Høgsterett, Dommarforeninga, Advokatforeninga, Barneombodet og Økokrim m fl berre er deler av «Oslo-eliten» som regjeringa frå no av skal lytte mindre til i justispolitikken. Men det er endå meir alvorleg – direkte dramatisk - dersom prinsippet om å lytte mindre til sentrale fagmiljø og såkalla «ekspertar» også skal gjelde innanfor klimapolitikken.
Eg ber difor statsministeren gjere greie for om prinsippet om å «lytte mindre til ekspertene» skal gjelde også i klimapolitikken og på andre sentrale politikkområde, eller om dette prinsippet er avgrensa til justissektoren.
Eg ber også statsministeren opplyse om i kva grad regjeringa vil bygge ned/ nedskalere dei statlege fagmiljøa regjeringa skal lytte mindre til fordi dei er så uheldige å vere fagutdanna ekspertar og ikkje såkalla vanlege folk, eller om desse fagmiljøa skal vere like store som før, berre bli lytta mindre til av regjeringa, evt. kva fagmiljøa sjølve kan gjere for å bli lytta meir til av regjeringa utover å tilpasse sine faglege synspunkt meir til den til ei kvar tid rådande folkemeninga.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl, 22. april 2022

Regjeringen er opptatt av å lytte både til fagmiljøer, andre samfunnsaktører og innbyggere, i og utenfor sentrale strøk, både i spørsmålet om domstolstruktur og i andre saker.
Jeg viser for øvrig til mitt svar på skriftlig spørsmål nr. 1788.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.