Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1665 · 2021-2022

Kan ministeren gi ein oversikt pr. fylke av etterslepet på spelemidlar?

Sigbjørn Framnes (FrP) stilte spørsmålet til kultur- og likestillingsministeren, Anette Trettebergstuen, 24. mars 2022. Svaret kom 1. april 2022.

Til
Kultur- og likestillingsministeren · Anette Trettebergstuen
Datert
24. mars 2022
Besvart
1. april 2022

Spørsmål

Kan ministeren gi ein oversikt pr. fylke av etterslepet på spelemidlar?

Svar

Kultur- og likestillingsministeren Anette Trettebergstuen, 1. april 2022

Det er litt uklart kva representanten spør om sidan spelemidlar blir fordelte etter eit breitt spekter av kriterium og til ulike organisasjonar, tiltak, lag og foreiningar og så vidare. Eg går likevel ut frå at det her blir spurt om den delen av spelemidlane som handlar om søknader til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, og som blir fordelt gjennom tildeling til fylkeskommunane.

Som representanten kanskje er kjend med, er fylkeskommunane midt oppe i behandlinga av søknadane for i år. Svaret mitt tar derfor utgangspunkt i tal frå fordelinga gjord i 2021.

Det er over mange år søkt om meir i spelemidlar enn det er pengar til fordeling. Differansen mellom søknadssum og tildelte midlar, inkl. renter og inndregne midlar, låg i 2013 på om lag
2,25 milliarder kroner og i 2021 på om lag 4,4 milliardar kroner.

Differansen per fylke såg i 2021 slik ut:
Agder 246 989 000
Innlandet 333 490 000
Møre og Romsdal 283 604 000
Nordland 338 639 000
Oslo 16 059 000
Rogaland 476 313 000
Troms og Finnmark 237 577 000
Trøndelag 559 709 500
Vestfold og Telemark 261 848 000
Vestland 741 695 000
Viken 901 063 000
Sum 4 396 986 500

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Framnes →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.