Skriftlig spørsmål nr. 1658 · 2021-2022
Spørsmål: Kan statsråden hjelpa med å framskynda detaljreguleringa for E39 på strekninga forbi Heiane?
Sigbjørn Framnes (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 24. mars 2022. Svaret kom 31. mars 2022.
- Fra
- Sigbjørn Framnes (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 24. mars 2022
- Besvart
- 31. mars 2022
Spørsmål
Spørsmål:
Kan statsråden hjelpa med å framskynda detaljreguleringa for E39 på strekninga forbi Heiane?
Begrunnelse
Bakgrunn:
E39 går over Stord og blir planlagt utbygd, noko som er nødvendig og bra. I den samanheng er mykje areal bandlagt. På Heiane er dette ei utfordring da det går uttover opparbeid næringsareal, noko det er for lite av i kommunen. For å komme vidare må detaljregulering gjennomførast.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 31. mars 2022
Statens vegvesen har utarbeida kommunedelplan for E39 mellom Heiane og Ådland på Stord. Etter handsaming av motsegn, vedtok det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet alternativ 4 for denne planen. Dette var Statens vegvesen sitt tilrådde alternativ, då dette alternativet hadde størst samfunnsøkonomiske lønsemd.
Stord kommune ynskjer ikkje at E39 vert bygd i samsvar med dette planalternativet, og har difor starta arbeidet med ein ny kommunedelplan for E39 på strekninga. Utgangspunktet er planalternativ 2. Planprogrammet er vedteke, og kommunen arbeider med neste steg. Eit nytt planforslag er venta å kunne kome på høyring haust/vinter årsskiftet 2022/23. Det er dermed ikkje gitt, når ein kan ha eit endeleg vedtak om ny kommunedelplan klar. Denne framdrifta er under kommunal styring.
Når det gjeld spørsmålet om detaljregulering, så er det normale at ein utfører dette når ein nærmar seg bygging. Prosjektet det er spurt om her, er ikkje prioritert i NTP og bygging ligg difor og noko fram i tid.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Framnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.