Skriftlig spørsmål nr. 1641 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren leggje fram konsekvensane for ferjedrifta at drivstoffprisane er så høge samt dei skyhøge straumprisane, der det må skilljast mellom riks og fylkesvegferjer, og …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. mars 2022. Svaret kom 30. mars 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 23. mars 2022
- Besvart
- 30. mars 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram konsekvensane for ferjedrifta at drivstoffprisane er så høge samt dei skyhøge straumprisane, der det må skilljast mellom riks og fylkesvegferjer, og synliggjerast ved å vise differansen i kostnadane jamf. dei berekna kostnadane til stat og fylka, målt mot dagens reelle drifta av ferjene?
Begrunnelse
Det er stort fokus på ferjeprisar og kostnadane for dei reisande er ekstra høge no med dei skyhøge drivstoffprisane samt høge straumprisar.
Mange ferjestrekningar er elektrifisert, men fortsatt er dei fleste ferjesamband dieseldrevet.
Dei skyhøge straum og drivstoffprisane har konsekvensar også for ferjedrifta, og ein stor del av drifta er dekt inn av billettinntekter jamf. kontraktene med drivarane.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. mars 2022
Innan ferjedrift vert det i dag nytta marin gassolje (MGO), flytande naturgass (LNG), biodiesel og straum som energibærarar, og i framtida vil hydrogen verta tatt i bruk.
Auka kostnad for energibærarane vil på sikt kunna auka kostnaden til ferjeselskapa, og dermed også til ferjedrifta. Korleis kostnadsnivået til ferjeselskapa vert påverka avheng mellom anna av kva for energibærar som vert nytta og korleis prisen er avtalt regulert mellom ferjeselskap og leverandør av energibæraren, og mellom ferjeselskapet og oppdragsgjevaren. Det er i dag svært vanleg at det vert nytta fastprisavtalar for levering av energi. Og dei fleste kontraktar mellom ferjeselskap og det offentlege nyttar indeksar der energikostnad er eit av fleire element. Kontraktvilkåra legg føringar for evt. reguleringar av prisar.
Som det går fram av ovanståande fører ikkje auka drivstoffpris i dag nødvendigvis til auka kostnad direkte, korkje for ferjeselskap eller det offentlege. Det vil kunna ta tid før auka kostnader slår inn i kontraktane. Det er derfor viktig å følgja utviklinga framover.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.