Skriftlig spørsmål nr. 1636 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren levere ein detaljert oversikt over kundeporteføljen til transportnæringa her i landet, og synleggjere kor mykje av dette som er leveransar til det offentlege, dette inklusivt statlege institusjonar, fylkeskommunane og kommunane?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 22. mars 2022. Svaret kom 28. mars 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 22. mars 2022
- Besvart
- 28. mars 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren levere ein detaljert oversikt over kundeporteføljen til transportnæringa her i landet, og synleggjere kor mykje av dette som er leveransar til det offentlege, dette inklusivt statlege institusjonar, fylkeskommunane og kommunane?
Begrunnelse
Transportnæringa er i dag sterkt under press, med bakgrunn i skyhøge drivstoffprisar. Konkurransen frå utanlandske transportselskap og konkurransefortrinn som dei har blir verre dag for dag. Mange av transportselskapa har langtidskontrakter som er vanskelege å gå ut av og konkursar kan bli resultatet. regjeringa har valgt å innta ei haldning om "vent og sjå" i staden for å kome med kraftfulle tiltakspakkar overfor transportnæringa. Dei offentlege selskap og offentleg drift har ein stor del av kontraktene med transportnæringa, også langtidskontrakter. Ein burde kunne forvente at offentlege kundar kunne vere smidige og lempe på kontrakter, i ei tid der transportnæringa har uforutsette høge drivstoffkostnadar, og såleis vere med og ta litt av desse kostnadane.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 28. mars 2022
Eg har ikkje grunnlag til å levere nokon detaljert oversikt over kor stor del av transportnæringa i Noreg som leverer til det offentlege. Miljødirektoratet og Digitaliseringsdirektoratet leverte ein rapport om nullutslepp i leveransar til det offentlege i 2020 (Mdir, M-1783). Her vert det skilt mellom tre kategoriar av leveransar til det offentlege:
1. eigen transport (t.d. transport i heimetenesta),
2. transport for fellesskapen (t.d. buss, ferje og hurtigbåt)
3. indirekte transport (t.d. vaktmestertenester, handverkartenester, transport av byggemateriale og massetransport)
Transportnæringa leverer transport til dei to siste kategoriane. Statistisk sentralbyrå leverer detaljert statistikk over persontransport for fellesskapen, jf. kategori 2, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, sjå Kollektivtransport (ssb.no).
Samferdselsdepartementet har ikkje oversikt over den indirekte transporten, jf. kategori 3, som vert etterspurd av det offentlege.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.