Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1528 · 2021-2022

Kan samferdselministeren leggje fram detaljert status for prosjektet E-134 Bakka -Solheim, også inkl. arm til Bergen?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 9. mars 2022. Svaret kom 18. mars 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
9. mars 2022
Besvart
18. mars 2022

Spørsmål

Kan samferdselministeren leggje fram detaljert status for prosjektet E-134 Bakka -Solheim, også inkl. arm til Bergen?

Begrunnelse

E-134 Bakka -Solheim er eit av dei viktige vegprosjekta som er omtalt i Meld. St 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) med oppstart i fyrste planperiode, jamf. innst. 653 S (2020-2021) som viser at eit stort fleirtal i Stortinget stiller seg bak.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. mars 2022

Eg vil vise til at Statens vegvesen allereie utfører utbetringsarbeid på deler av strekninga E134 Bakka – Solheim i dag. Når det gjeld vidare arbeid på strekninga, er det frå Statens vegvesen si side lagt opp til start av reguleringsplanarbeidet tidlegast 2024, då med prioritet på den vestlegaste delen Mo – Bakka. Når reguleringsplanarbeidet er ferdig, er prosjektet avhengig av løyvde midlar til investering i statsbudsjettet.
Prosjektet er ikkje prioritert i Nasjonal transportplan, men som det går fram av Innst. 653 S (2020-2021) ga eit fleirtal av partia dette prosjektet støtte i merknadar til innstillinga. Statens vegvesen skal i mai levere sitt forslag til gjennomføringsrekkefølge for prosjekta i NTP (porteføljeprioritering). Eg har bedt om at de i denne samanheng også vurderer prosjekt støtta av eit fleirtal i Stortinget under NTP-handsaminga, blant anna E134 Bakka – Solheim. Eg vil minne om at det ikkje var einigheit om korleis nye prosjekt som ble foreslått tatt inn skulle finansierast. Sjølv om Statens vegvesen er bedt om å ta med fleire prosjekt enn det som er i NTP, må dette skje innanfor uendra rammer. Eg legg vidare opp til at desse prosjekta tas med i den gjennomgangen av vegportefølja i NTP som Stortinget har bede om.
Det pågår eit eige arbeid med konseptvalutgreiing (KVU) «E134 Arm til Bergen». Arbeidet vil mellom anna ta utgangspunkt i utgreiinga frå 2014 om samband mellom Vest- og Austlandet. Vidare ser ein på korleis tema som eksempelvis klima og regionale verknader skal arbeidast vidare med. Statens vegvesen har som ambisjon at KVU-arbeidet kan sluttførast i 2023. Høyring av KVU-rapport og ekstern kvalitetssikring KS1 av KVU-rapporten vil gjerast parallelt, som grunnlag for regjeringa si vurdering.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.