Muntlig spørsmål nr. 6 · 2021-2022
Eg har gleda av å ønskje samferdselsministeren velkommen til spørjetimen. Samferdselsministeren har på eit skriftleg spørsmål, nr. 1241, frå Terje Halleland frå Framstegspartiet svart med ei oversikt …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 2. mars 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 2. mars 2022
- Besvart
- 2. mars 2022
Samferdsel · Vegvesen
Spørsmål
Eg har gleda av å ønskje samferdselsministeren velkommen til spørjetimen.
Samferdselsministeren har på eit skriftleg spørsmål, nr. 1241, frå Terje Halleland frå Framstegspartiet svart med ei oversikt over vegprosjekta som er omtala i NTP 2022–2033, og dessutan vegprosjekt som er omtala i merknader i Innst. 653 S for 2020–2021, med oppstart i første planperiode. Samferdselsministeren har gjort greie for kva Statens vegvesen har lagt inn i gjennomføringsplanen sin for perioden frå 2022 og utover, noko som syner at Statens vegvesen ikkje har teke inn over seg at Stortingets fleirtal ønskjer følgjande prosjekt starta opp tidleg i første planperiode. Det gjeld rv. 282 Holmenbrua, rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, E34 Bakka–Solheim, E14 Stjørdal–Storlien, E39 Vågsbotn–Klauvaneset, rv. 13 Vikafjellet og E16 Fagernes sør–Hande. Stiller samferdselministeren seg bak det Statens vegvesen har lagt opp til i framlegget sitt til handlingsprogram?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.