Skriftlig spørsmål nr. 1375 · 2021-2022
Er landbruksministeren samd med Aps nestleiar i Stortingets næringskomite i at Tine-konsernet med si nøkkelrolle i norsk landbrukspolitikk bør vere opne om kva direktørane i selskapet tener, og kva …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Sandra Borch, 25. februar 2022. Svaret kom 4. mars 2022.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Landbruks- og matministeren · Sandra Borch
- Datert
- 25. februar 2022
- Besvart
- 4. mars 2022
Spørsmål
Er landbruksministeren samd med Aps nestleiar i Stortingets næringskomite i at Tine-konsernet med si nøkkelrolle i norsk landbrukspolitikk bør vere opne om kva direktørane i selskapet tener, og kva signal meiner statsråden det sender at konsernet i den krevjande tida norsk landbruk er inne i innfører resultatbaserte bonusordningar for direktør-sjiktet?
Begrunnelse
Tine-konsernet har gjennom marknadsreguleringsordninga ei spesiell rolle i norsk landbrukspolitikk innanfor mjølk, på same måte som Nortura innanfor kjøt og Felleskjøpet innanfor korn.
Tine er difor særskilt avhengig av brei tillit i alle deler av det norske samfunnet. Ein må kunne ha tydelegare forventingar og setje sterkare krav til Tine enn til selskap som ikkje har fordelane det gir å ha ein særskilt posisjon i norsk statleg landbrukspolitikk.
Nyleg vart det kjent at Tine har innført ei resultatbasert bonusordning for konsernleiinga. Samtidig har Tine fjerna oversikten i årsrekneskapet som syner kor mykje kvar einskild konserndirektør fekk utbetalt i løn – og dermed lukka igjen for ålmenta opplysingar som det tidlegare har vore full openheit om.
Det skjer samtidig som lønsemda i norsk landbruk er svært pressa, mellom anna på grunn av høge energi- og råvareprisar. Å innføre nye bonusar til frå før høgt løna direktørar, og å hemmeleghalde opplysingar om direktør-avløning som tidlegare har vore opne, framstår då som både merkeleg og umusikalsk – og i strid med korleis andre samvirkeselskap i landbruket i tilsvarande posisjon opptrer.
Eg er glad for at den fremste representanten for regjeringspartia i Næringskomiteen på Stortinget pr. i dag, nestleiar Per Vidar Kjølmoen (Ap), er tydeleg i si tale om at dette svært uheldig, og krev at Tine må vurdere avgjerdene om meir hemmeleghald og meir resultatstyrte direktør-bonusar på nytt.
Eg håpar Statsråden kan avklare at ho er like kritisk som underteikna og Per Vidar Kjølmoen til Tine sin nye praksis, og gi eit tydeleg signal om dette. Det vil vere viktig for tilliten til norsk landbruk og norsk matproduksjon i krevjande tider. Vi må i tida framover bu oss på og kunne forsvare utad høgare prisar på mat og drikke til norske forbrukarar – då må vi kunne vere sikre på at meirinntektene går direkte ut til bøndene, ikkje til auka direktørlønningar i Tine-konsernet.
Svar
Landbruks- og matministeren Sandra Borch, 4. mars 2022
Representanten Bjørlo stiller spørsmål om hva jeg som statsråd mener om et privat selskaps politikk omkring åpenhet om lederlønninger og avlønningssystemer. Dette er spørsmål som ligger utenfor det jeg kan eller bør mene noe om.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.