Skriftlig spørsmål nr. 1360 · 2021-2022
Vil regjeringa ta initiativ til å gjere reglane for å fjernarbeide frå heimekontor enklare og meir forståelege, slik at det blir lettare for folk å nytte dei høva ny teknologi og nye arbeidsformer gir til å ha ein friare og meir fleksibel kvardag?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til arbeids- og inkluderingsministeren, Hadia Tajik, 23. februar 2022. Svaret kom 3. mars 2022.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Arbeids- og inkluderingsministeren · Hadia Tajik
- Datert
- 23. februar 2022
- Besvart
- 3. mars 2022
Spørsmål
Vil regjeringa ta initiativ til å gjere reglane for å fjernarbeide frå heimekontor enklare og meir forståelege, slik at det blir lettare for folk å nytte dei høva ny teknologi og nye arbeidsformer gir til å ha ein friare og meir fleksibel kvardag?
Begrunnelse
I ei sak i NRK i dag (23/2-22) kjem det fram kor komplisert dagens regelverk for heimekontor er for norske statsborgarar som bur og arbeider i periodar i utlandet.
Regelverket framstår som svært vanskeleg å forstå, og lite tilpassa dagens røyndom verken når det gjeld auka bruk av heimekontor eller den stadig aukande internasjonale mobiliteten.
Å legge best mogleg til rette for at folk kan ha ein friare arbeidskvardag, er viktig av fleire årsaker.
For det fyrste er det å gje folk meir fridom og større moglegheiter til å innrette sitt eige liv slik dei ynskjer, eit gode i seg sjølv.
For det andre er det eit viktig element i framtidas distriktspolitikk at vi legg til rette for at arbeidstakarar i minst mogleg grad blir «tvinga» til fysisk å bu i eller rundt dei største byane for å ha tilgang til spennande og varierte jobbar til dømes i store statlege etatar, men i staden kan bu og leve i distrikts-Noreg dersom dei ynskjer det.
For det tredje er mangel på kompetanse og spesialisert arbeidskraft ei av dei største hindringane Noreg vil møte i åra framover i utviklinga av det nye næringslivet vi skal leve av etter oljen. Noreg er då avhengig av å bli eit meir attraktiv land for arbeidstakarar frå andre land å bu og arbeide i. Det kan vi mellom anna gjere ved å legge betre til rette for «remote work» slik at folk frå heile verda med kompetanse og kunnskap ser på Noreg som eit attraktivt land å bu i for kortare eller lengre periodar – på same måte som vi må legge til rette for at norske statsborgarar som ønskjer det, i periodar kan fjernjobbe i andre land.
Eg håpar statsråden er enig i at dagens regelverk på området framstår som utdatert og unødvendig stivbeint – og vil ta initiativ til ei snarleg opprydding og forenkling som gjer det enklare for folk å fjernjobbe både i Noreg og i verda elles.
Svar
Arbeids- og inkluderingsministeren Hadia Tajik, 3. mars 2022
Eg har merka meg artikkelen representanten har vist til i bakgrunnen for spørsmålet.
Det er viktig at kvar enkelt medlem i folketrygda kan få avklart si trygdemessige stilling ved arbeid på heimekontor. Har ein behov for å vite kva som gjeld i eigen situasjon, bør informasjon om regelverket være enkelt tilgjengeleg. Eg har difor merka meg at ytelsesdirektøren i Nav er sitert på ambisjonen om at etaten skal bli betre på å gje informasjon og rettleiing.
Hjå mitt departement er det ikkje motteke spørsmål om dette i særleg grad. Difor vil eg snarleg henvende meg til Arbeids- og velferdsdirektoratet, for i fyrste hand, å få klarlagt dei problemstillingane direktoratet eventuelt ser i regelverket. Det er difor for tidleg å seie om det er grunn til å ta eit initiativ for å gjere endringar i reglane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.