Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1358 · 2021-2022

Kan samferdselministeren forklare kvifor Statens vegvesen gjennomfører dagarbeid med inn til 1 times frekvens og ventetid med kollonnekøyring i Strynefjellstunnelane på RV 15?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. februar 2022. Svaret kom 1. mars 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
23. februar 2022
Besvart
1. mars 2022

Spørsmål

Kan samferdselministeren forklare kvifor Statens vegvesen gjennomfører dagarbeid med inn til 1 times frekvens og ventetid med kollonnekøyring i Strynefjellstunnelane på RV 15?

Begrunnelse

Rv. 15 Strynefjellet er ein svært viktig veg for store delar av Møre og Romsdal og Nordfjord. Dette er ein av dei viktigaset Vest- Aust vegane i landsdelen.
Strynefjellstunellane er overmodne for utskifting og det har i dei siste åra vore store aksjonar frå lastebilnæringa, næringslivet generelt og folk flest for ny Strynefjellsveg.
I lange tider har det vore utbetringsarbeide i desse tunellane, og arbeidet ser ikkje ut til å stoppe. Såleis er det som å "bære høy til ein døyande hest" å fortsette med omfattande utbetring av desse greinalause tunnelane som er så dårlige i standard at ein nesten ikkje kan beskrive dette som ein biltunnel.
Derimot er det store ulemper for både næringslivet og for trafikkantane generelt når Statens vegvesen presterar å gjennomføre utbetringar med 1 times ventetid i kollonnekøyring, midt på dagen. Frå 0800-1900 er det i store delar av veka kollonnekøyring med 1 times frekvens. Dette skal pågå vidare fram til 1/5. Kvifor dette arbeidet ikkje blir gjennomført på natt når trafikken er minimal, er vanskeleg å kunne forså. Dette vil vere fornuftig bruk av skattebetalarane sine pengar, i staden for denne "klattinga" på gamle og totalt utdaterte tunnelar.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 1. mars 2022

Det blir utført nødvendig utbetringsarbeid for at tunnelane på rv. 15 Strynefjellet skal kunne ha tilstrekkeleg sikkerheit. Før oppstart av arbeidet vart det utført ei vurdering av tidspunkt for utføring av arbeidet. Statens vegvesen som oppdragsgivar er pålagt å leggje minst mogeleg arbeid til natt med omsyn til å sikre gode arbeidsvilkår og godt arbeidsmiljø for sine entreprenørar. Rv. 15 Strynefjellet har også stor trafikk på natt, særleg tungtrafikk. Med å legge opp til fast gjennomkøyring kvar time så ville det være føreseieleg. Det vart vurdert til at å utføre arbeidet på dagtid ville være den beste løysinga ut frå ei totalvurdering av trafikk, HMS og for å ivareta arbeidsmiljølova.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.