Skriftlig spørsmål nr. 1345 · 2021-2022
Er det planar om å revidera opptaksreglane til høgare utdanning slik at gjennomført høgare utdanning og yrkespraksis kan telja med og kompensera for karakterar i einskildfag frå vidaregåande skule, …
Freddy André Øvstegård (SV) stilte spørsmålet til forsknings- og høyere utdanningsministeren, Ola Borten Moe, 21. februar 2022. Svaret kom 2. mars 2022.
- Fra
- Freddy André Øvstegård (SV)
- Til
- Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Ola Borten Moe
- Datert
- 21. februar 2022
- Besvart
- 2. mars 2022
Spørsmål
Er det planar om å revidera opptaksreglane til høgare utdanning slik at gjennomført høgare utdanning og yrkespraksis kan telja med og kompensera for karakterar i einskildfag frå vidaregåande skule, eksempelvis for sjukepleierutdanninga, eit yrke Noreg, særskild distriktsnorge, har skrikande behov for?
Begrunnelse
Nokre høgare utdanningar har særskilde karakterkrav i einskildfag frå vidaregåande opplæring. Dette er forståeleg ut frå behov i det einskilde yrket.
Tidlegare var det mest vanlege å ta ei høgare utdanning og deretter vera i det yrket livet ut. Nå er det meir vanleg å ta ny utdanning seinare i livet, grunna i ulike behov, både personlege behov og samfunnet sine behov. Nokre av søkarane ha dermed ei fullført høgare utdanning og mange års yrkespraksis, når dei søker ny høgare utdanning. Opptaket vert likevel gjort på grunnlag av karakterane i ei vidaregåande opplæring tatt for fleire tiår sidan. Då kan det opplevast tungt, når einskilde opplever å bli stansa av karakterar som er mange tiår gamle.
Svar
Forsknings- og høyere utdanningsministeren Ola Borten Moe, 2. mars 2022
Reglane for opptak til høgare utdanning er fastsett i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Forskrifta gjer spesielle opptakskrav for ei rekke utdanningar, og i nokre tilfelle minimumskrav til karakterar i einskilde fag. Representanten tar opp sjukepleiarutdanninga som eit eksempel, og viser til at søkjarar kan bli stansa av karakterar som er fleire tiår gamle. Krava for å få opptak til sjukepleiarstudiet er at søkjaren kan dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3 i norsk og 3 i fellesfaget matematikk. Krava kan dekkast gjennom høgare utdanning i faga, men ikkje gjennom yrkespraksis.
Mange ønskjer å studere for å bli sjukepleiar, og det er stor konkurranse om plassane. Det er ein samanheng mellom karakterar frå vidaregåande opplæring og gjennomføring av sjukepleiarutdanninga. Krava bidrar dermed til at fleire av dei som startar utdanninga også fullfører den. Sjukepleiaryrket er krevjande, og å feilberekne medisindosar, -mengde eller -styrke kan vere livsfarleg. Gode kunnskapar i matematikk bidrar til å sikre pasienttryggleiken. Det same gjeld god norsk språkforståing. Det er viktig at sjukepleiarane kan snakke godt med pasientane og kunne formidle vanskeleg eller krevjande informasjon på ein god og forståeleg måte.
Det er i dag ikkje planlagt å endre reglane for opptak til sjukepleiarstudiet. For tida arbeider Opptaksutvalet med å gå gjennom reglane for opptak til høgare utdanning. Utvalet vil sjå på heile systemet for opptak, og komme med sine anbefalingar i desember 2022.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Freddy André Øvstegård →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.