Interpellasjon nr. 35 · 2021-2022
om desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at m.a. fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at institusjonane vert flytta
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Bjørn Arild Gram, 17. januar 2022.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Bjørn Arild Gram
- Datert
- 17. januar 2022
- Besvart
- 18. mars 2022
Arbeidsliv · Sysselsetting · Statsforvaltning · Statens personalpolitikk · Lokalforvaltning · Distriktspolitikk
Spørsmål
Regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at ein vil følgje opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala i NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying av distriktspolitikken. Utvala peikar på at desentralisering av statlege arbeidsplassar for å skape ein variert arbeidsmarknad også i distriktsregionar utan tunge statlege institusjonar er eit viktig element i ein forsterka distriktspolitikk. Norman-utvalet foreslår å prøve ut fleire desentraliserte, samlokaliserte mindre einingar av statlege verksemder, etter modell av "Statens Hus"-pilotane, og Solberg-regjeringa tok initiativ til å prøve ut "flytterett til eigen jobb" for tilsette i staten.
Korleis vil regjeringa følgje opp og forsterke arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at mellom anna fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at sjølve institusjonane vert flytta?
Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.