Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Interpellasjon nr. 34 · 2021-2022

om å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, t.d. gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om "Studiehub Nordfjord"

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til forsknings- og høyere utdanningsministeren, Ola Borten Moe, 16. januar 2022.

Til
Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Ola Borten Moe
Datert
16. januar 2022
Besvart
17. februar 2022

Utdanning · Voksenopplæring · Høyere utdanning · Lokalforvaltning · Distriktspolitikk

Spørsmål

Regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at ein vil følge opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala, jf. NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying og utvikling av distriktspolitikken. Eit sentralt element i utvala sine tilrådingar er å legge til rette for meir fleksibel, desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning for å dekke kompetansebehovet til folk, næringsliv og kommunar i distriktsregionar utan faste studiestadar. Det finst i dag ei rekke ulike studiesenter som mobiliserer til og organiserar desentraliserte utdanningstilbod, med svært variable organiserings- og finansieringsmodellar.
Korleis vil statsråden arbeide med å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, til dømes gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om "Studiehub Nordfjord" i desember 2021?

Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.