Skriftlig spørsmål nr. 882 · 2021-2022
Kan statsråden gjere greie for og dokumentere kva meterpris som er nytta i ferjefri E-39 prosjektet Møreaksen på både undersjøisk tunell, andre tuneller og bruer, og samtidig gjere greie for kva …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 12. januar 2022. Svaret kom 19. januar 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 12. januar 2022
- Besvart
- 19. januar 2022
Spørsmål
Kan statsråden gjere greie for og dokumentere kva meterpris som er nytta i ferjefri E-39 prosjektet Møreaksen på både undersjøisk tunell, andre tuneller og bruer, og samtidig gjere greie for kva meterpris som er brukt i rapporten frå Statens vegvesen/Norconsult i tilleggsutgreiinga for fjordkryssingsalternativet Romsdalsaksen, også gjeldende erfaringstall for flytebruer?
Begrunnelse
I ein rapport frå Statens vegvesen/Norconsult ang tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen i Møre og Romsdal kontra Møreaksen, ser det ut til at det blir operert med ulik meterpris for bygging av tuneller og bruer i dei to alternativa Møreaksen og Romsdalsasken for kryssing av Romsdalsfjorden.
Kostnadene som presenteres er fortsatt veldig favorisert Møreaksen, der f.eks. meterpris for tunneler er 69-84 % høyere for Romsdalsaksen. Samme med bruer der flytebruene er priset opptil 18 % høyere enn verdens neste lengste hengebru. Ser ut til at manipuleringen avslørt av Tidens Krav
fortsatt henger med i Statens Vegvesen. Med meterpriser som er brukt for Romsdalsaksen i denne «utredningen», ville K2 Møreaksen koste opp til 43 mrd. kroner. SVV mener den vil koste 30 mrd. kroner i denne rapporten.
Horgen Consulting - erfaren oppdragsansvarlig for KS2 for flere store samferdselsprosjekter, påpekte i 2019 at kostnadene som SVV Midt presenterer for Tautratunnelene var veldig lave. Dette innrømmes langt på veg i rapporten fra Norconsult, og er en av grunnene til at anslagene nå er hele 7 mrd. kroner høyere enn det SVV påstår Møreaksen vil koste.
“Tilleggsutredningen“ til SVV/Norconsult legger igjen like mange spørsmål som svar, og viser at etaten ikke evner å se de store sammenhengene. Uhildede utredninger er nødvendig for å skape fred i M&R. Bruk av ulike meterpriser i prosjekt som skal samanliknast seriøst, bidrar ikkje til noko som helst ro i Møre og Romsdal ang Møreaksen som eit stort fleirtal av folket heller ikkje ynskjer.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 19. januar 2022
E39 Ålesund-Molde er greidd ut i fleire omgangar. Det er i dei ulike utgreiingane nytta ulike einingsprisar for dei ulike elementa, slik som tunnel, bru og veg i dagen. Prisane har variert noko mellom dei ulike utgreiingane. Dette kjem mellom anna av skilnader i standard på vegen, usikkerheit ut frå plannivå og generell prisutvikling.
Einingsprisane som Statens vegvesen har lagd til grunn i utgreiingane er basert på erfaringar frå fleire prosjekt over heile landet. Prisane er nytta i kostnadsrekning av mange prosjekt som vil komme til utbygging. Ei offentleggjering av desse prisane vil derfor kunne påverke det offentlege sin forhandlingsposisjon i fleire vegprosjekt.
Statens vegvesen har derfor bestemt at einingsprisane ikkje skal offentleggjerast, jamfør offentleglova § 23 første ledd.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.