Skriftlig spørsmål nr. 864 · 2021-2022
Korleis vil statsråden sikre at inspeksjonsprogramma for tunnelar - spesielt på vestlandet – vert fulgt opp?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. januar 2022. Svaret kom 19. januar 2022.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. januar 2022
- Besvart
- 19. januar 2022
Spørsmål
Korleis vil statsråden sikre at inspeksjonsprogramma for tunnelar - spesielt på vestlandet – vert fulgt opp?
Begrunnelse
Vegtilsynet har avdekka manglande inspeksjon av vegtunellar, dette har spesielt gått ut over tunellane på vestlandet som har om lag halvparten av landets tunellar.
I Nasjonal vegdatabank (NVDB) er det registrert 109 steinnedfall frå tak og veggar i riksvegstunneler dei siste åra. Det er difor viktig å vite tilstanden til desse tunellane slik at ein kan hidre slike steinnedfall som kan forårsake større ulykker.
Er det kartlagt kva årsaken til den manglande inspeksjonen er, og korleis vil statsråden syte for at intensjonen i inspeksjonsprogramma vert fulgt opp.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 19. januar 2022
Som samferdselsminister tek eg tryggleik i tunnelar på største alvor. Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar og norske tunnelar blir stadig tryggare. Noreg er eit av landa i Europa med flest tunnelar. Vi har derfor solid kompetanse på tunnel, men også mange tunnelar å ta vare på. Nye tunnelar blir bygde med strengje krav til tryggleik for trafikantar, og det blir brukt store ressursar på å ruste opp noverande tunnelar på riksvegnettet.
Statens vegvesen har rutinar for å avdekke og forebygge hendingar i tunnelane. Regimet for tryggleik og kontroll med norske riksvegtunnelar er svært strengt, og som ein del av drifta av riksvegane blir tunnelar sjekka visuelt nesten kvar einaste dag.
I etterkant av hendingar i tunnelar på Vestlandet sommaren 2021, gav Samferdselsdepartementet Statens vegvesen i oppdrag å gjennomgå rutinane og implementering av tiltak i samband med oppfølging av tunnelar på riksvegnettet. Rutinegjennomgangen har avdekke et forbetringspotensial, og det er blant anna registrert ulik praktisering av einskilde rutinar hos Statens vegvesen vest. Vurdering av behovet for ei meir einsarta praktisering av retningslinjene for inspeksjonar vil inngå som eitt av fleire element i det vidare arbeidet. Framdrifta for rutinegjennomgangen og implementering av rutinane blir følgd opp av Samferdselsdepartementet gjennom styringsdialogen med Vegvesenet.
Vegtilsynet gjer ein viktig jobb med å føre tilsyn med Statens vegvesen og selskapet Nye Veier AS. I 2021 hadde Vegtilsynet tunnelsikkerheit som eit hovudtema i sitt tilsynsprogram, og gjorde blant anna tilsyn med inspeksjon av berg og bergsikring i tunnelar hos Statens vegvesen. Statens vegvesen skal, blant anna ut frå funn i desse tilsyna, iverksette nødvendige tiltak for å sikre at krava til inspeksjon av tunnelar blir tilfredsstilte.
Systemet er slik at Vegtilsynet følger opp dei funna som blir avdekte gjennom tilsyna overfor Statens vegvesen, fram til eventuelle avvik blir lukka. Vegtilsynet rapporterer om oppfølginga til Samferdselsdepartementet. Eg er nøgd med at verksemda til Vegtilsynet på denne måten bidreg til auka tryggleik i tunnelar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.