Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 822 · 2021-2022

Kan statsråden gjera ei berekning på kva det koster å innføre gratis båtruter til øysamfunn utan fastlandsforbindelse tilsvarande som for ferjer til samfunn utan omkjøringsvegar?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Bjørn Arild Gram, 6. januar 2022. Det ble besvart av samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård. Svaret kom 15. mars 2022.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Bjørn Arild Gram
Besvart av
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
6. januar 2022
Besvart
15. mars 2022

Spørsmål

Kan statsråden gjera ei berekning på kva det koster å innføre gratis båtruter til øysamfunn utan fastlandsforbindelse tilsvarande som for ferjer til samfunn utan omkjøringsvegar?

Begrunnelse

Samferdsleministeren svarer i spørsmål nr. 773 fra meg at det ikkje er regjeringen sin prioritert å gjera båtruter til øysamfunn utan fastlandsforbindelse gratis på samme måte som fergesamband til tilsvarande øysamfunn. Dette reagerer mange på og det er truleg større distriktsutfordringar for disse samfunna enn dei som har fergetilbod. Derfor framstår regjeringa sin prioritering merkelig. Det eg no lurer på er om regjeringen kan gjera ein berekning på kva det vil koste å gjera båttilbudet til disse øyane gratis. Det er informasjon som er viktig å ha til framtidige budsjett og også vurderingar om tiltak for distrikta. Eg forstår at det vil ta lenger tid enn ei veke å gjera ein slik utrekning og kan difor vente lenger på svaret.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 15. mars 2022

Dei aktuelle båtrutene vert drifta av fylkeskommunane, og eg har difor bede Statens vegvesen hente inn naudsynt informasjon frå alle fylkeskommunane. Dette er årsaka til at det har teke noko tid å utarbeide eit svar.
Fylkeskommunane vart bedne om å gi passasjertal og billettinntekter etter gjevne definisjonar og avgrensingar. I samsvar med kommuneproposisjonen for 2022 (Prop. 192 S (2020–2021)) inngår følgjande i definisjonen (pkt. 3.1.3):

«Ei rute blir rekna som ei båtrute uavhengig av fartøytype så lenge ho fraktar passasjerar, og så lenge ein eventuell biltrafikk er på under ti personbileiningar i årsdøgntrafikk (PBE ÅDT)».

Vidare tas berre følgjande båtruter med:
• Båtruter med heilårsdrift
• Båtruter som blir fullfinansierte med fylkeskommunale tilskot
• Båtruter til øyer utan veg
• Båtruter til andre veglause samfunn (t.d. veglause bukter, fjordar og nes på fastlandet som har dei same reisekostnadsutfordringane som bebuarar på øyer utan fastlandssamband)

Fylkeskommunane har samla oppgjeve følgjande data for 2019 om ruter som oppfyller kriteria:
• 58 båtruter
• 2,2 mill. passasjerar
• 110 mill. kroner i inntekter

Ulik handtering og praksis knytta til validering av billett ved avstigning/påstigning og tidsfrist på kjøpt billett, medfører noko uvisse rundt tala. Ved ein kostnad på 110 mill. kr for å innføre gratis båtruter er det og lagt til grunn at heile båtruta blir gratis. Kostnaden vil vere lågare om ein må betale for reiser der ein ikkje skal til/frå eit veglaust samfunn, men reiser på ein annan strekning på den same ruta. Det er imidlertid uklart korleis dette ev. skal fungere i praksis.
I tala er det heller ikkje teke omsyn til ei auke i talet på reisande og ev. auka investeringar som følgje av at tilbodet blir gratis.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.