Skriftlig spørsmål nr. 767 · 2021-2022
Vil statsråden lytte på sine egne ordførere som er bekymra for framtida for norsk lokaleigd næringsliv i havbrukssektoren?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 22. desember 2021. Svaret kom 6. januar 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
- Datert
- 22. desember 2021
- Besvart
- 6. januar 2022
Spørsmål
Vil statsråden lytte på sine egne ordførere som er bekymra for framtida for norsk lokaleigd næringsliv i havbrukssektoren?
Begrunnelse
NRK har ein sak i dag med tittel "Rødgrønt kystopprør mot regjeringen – 70 ordførere i skatteprotest". Dei tar opp samme problemstilling som eg tok i spørretimen der mange på kysten no er bekymra for framtida då regjeringen skattlegger havbruk sterkere. Dette kan føre til sentralisering av eigarskapen av havbruksressursen og favorisere utenlandske selskap og større børsnoterte selskap. Dei familieeigde og mindre aktørene blir hardt ramma av statsbudsjettet. 70 kommunar seier no det samme som FrP. Sidan mange av desse er styrt av AP og SP er det håp om at statsråden lytter meir.
Svar
Finansministeren Trygve Slagsvold Vedum, 6. januar 2022
Solberg-regjeringa foreslo å oppheve ein praksis som har etablert seg, der det ikkje vert betalt formuesskatt for fiskeri- og oppdrettsløyve erverva før 1998. Denne regjeringa vidareførte framlegget i Prop. 1 LS Tillegg (2021-2022), og dette er no vedteke av Stortinget. Vi kan ikkje halde fram med ein praksis der tidspunktet for erverv av eit løyve avgjer om det skal vere formuesskatt eller ikkje.
Formuesskatt generelt styrker omfordelinga av inntekter og jamnar ut skilnader i formue. Med denne regjeringa aukar formuesskatten fyrst og fremst for høginntektsgruppene og for dei med store formuar. Samstundes må om lag 32 300 færre betale formuesskatt med det vedtekne skatteopplegget for 2022 samanlikna med referansen, sidan botnfrådraget vert auka.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.