Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 747 · 2021-2022

Kvinnheradspakken har av regjeringa blitt varsla skal kome innan desember månad, men vi kan enno ikkje sjå at den er fremma for Stortinget. Kva er grunnen til forseinkinga, og når vil Stortinget motta proposisjonen for handsaming?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 20. desember 2021. Svaret kom 3. januar 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
20. desember 2021
Besvart
3. januar 2022

Spørsmål

Kvinnheradspakken har av regjeringa blitt varsla skal kome innan desember månad, men vi kan enno ikkje sjå at den er fremma for Stortinget.
Kva er grunnen til forseinkinga, og når vil Stortinget motta proposisjonen for handsaming?

Begrunnelse

For å få god framdrift på dei prosjekta som krev stortingshandsaming gjennom proposisjonar, er et viktig at alle ledd i ei slik handsaming fyljer opp og held dei oppgjevne tidsfristar. Samstundes er det viktig med god dialog og opne prosessar dersom det viser seg at ein av ukjende årsaker treng meir tid enn det som innleiingsvis er førespegla. Dette føljer av god forvaltningsskikk. Kvinnheradspakken har i lang tid vore meldt skal kome i desember – ber om ein status som indikerer kva tid ein kan forvente at proposisjonen vert førelagt stortinget.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 3. januar 2022

Eg viser til mitt brev til Stortinget om saka den 30. november 2021. Det har vist seg at det er behov for nokre fleire avklaringar i forbindelse med denne bompengeproposisjonen og at den derfor dessverre ikkje vil vere klar til å leggast fram i desember 2021. Eg venter no at ein proposisjon om Kvinnheradpakken kan fremmast i mars 2022.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.