Interpellasjon nr. 27 · 2021-2022
om at det i regjeringa si budsjetteinigheit med SV vert lagt til grunn at ein gjennom offentleg innkjøp skal bestille nullutslepp for ferje og hurtigbåtar, og at fylka skal kompenserast for dette, og korleis prosessen og kostnadsutviklinga for dette vil bli
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 17. desember 2021.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 17. desember 2021
- Besvart
- 11. januar 2022
Lokalforvaltning · Fylkeskommunenes økonomi · Miljøvern · Forurensning · Samferdsel · Sjøfart · Ferger
Spørsmål
Skal vi få til ei omlegging til grøn skipsfart, må vi bruke den offentlege innkjøpsmakta. Her er både fylke og stat viktige aktørar. Solberg-regjeringa har hatt sterkt fokus på grøn maritim skipsfart. Noreg har i desse åra teke på seg ei leiarkappe internasjonalt, der vi har lagt vekt på reine hav i vid forstand, og vårt arbeid opp mot IMO for ambisiøse målsettingar innan grøn skipsfart har bore frukter, eit påtrykk vi har hatt saman med næringa sjølv. Det har vore breie satsingar og program, verkemiddelapparatet er teke i bruk, og offentleg anskaffing er nytta for å få fortgang i arbeidet.
Basert på regjeringa si budsjetteinigheit med SV, der det vert lagt til grunn at ein gjennom offentleg innkjøp skal bestille nullutslepp for ferje og hurtigbåtar, og at fylka skal kompenserast for dette, korleis ser statsråden for seg at prosessen og kostnadsutviklinga for eit slikt vedtak vil bli?
Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.