Skriftlig spørsmål nr. 675 · 2021-2022
Kan statsråden gi ei fylkesvis oversyn over vegar som er opna for modulvogntog etter 21. desember 2020 (Vil gjerne ha både vegstrekning og tal kilometer per fylke)?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 14. desember 2021. Svaret kom 20. desember 2021.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 14. desember 2021
- Besvart
- 20. desember 2021
Spørsmål
Kan statsråden gi ei fylkesvis oversyn over vegar som er opna for modulvogntog etter 21. desember 2020 (Vil gjerne ha både vegstrekning og tal kilometer per fylke)?
Begrunnelse
Frå 21. desember 2020 opna Statens vegvesen for at modulvogntog i utgangspunktet kan køyre på vegar som er tillatne for 24 meter lange tømmervogntog. Dei fleste riksvegstrekningane som er tillatne for 24 meter tømmervogntog vart opna for modulvogntog.
No står det att å få opna opp fleire viktige kommunale- og fylkeskommunale vegstrekningar slik at modulvogntog og 24-meters vogntog kan køyre heilt fram til viktige industri- og terminalområde. Det er fylkeskommunane og kommunane som skal avgjere kva fylkesvegar og kommunale veg som blir opna for modulvogntog. Innlandet fylkeskommune har gått føre som eit godt døme, og opna fleire strekningar for modulvogntog, andre fylke heng etter.
Auka bruk av modulvogntog vil effektivisere vegtransporten og auke konkurranseevna. Det vil òg bidra til færre vogntog på vegane ved at ein kan frakte større lass over lengre strekningar per transport, noko som både vil gi auka miljøgevinst og betre trafikktryggleik på norske vegar.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. desember 2021
Eg viser til at det no er fylkeskommunane og kommunane som skal avgjere kva fylkesveg og kommunal veg som blir opna for modulvogntog. Eg er samd i representanten sin grunngjeving om at auka bruk av slike vogntog mellom anna vil vere kostnadseffektivt for næringslivet og kan gi færre vogntog på norske vegar.
Oversyn over vegar som er opna per fylke følgjer av dei 12 vedlegga til dette svaret.
Tal for kilometer per fylke opna for modulvogntog oktober 2021 følgjer av tabellen sist i svaret.
Denne tabellen viser at det er forskjellar mellom fylka når det gjeld strekningar som er opna for modulvogntog. Det kan vere ulike årsaker til dette, som til dømes ulike lokale tilhøve når det gjeld infrastruktur. Eg vil likevel oppmode fylkeskommunane og kommunane til å ha fokus på næringslivet sitt behov for slike transportar slik at vegar blir opna for slik transport der det er forsvarleg.
Fylke Agder Inn-
landet Møre og Romsdal Nordland Oslo
Riksveg, km 645 1440 508 1007 171
Fykesveg, km 983 1208 633 2695
Kommunal
veg, km 182 651 148 79 31
Med
Rogaland Troms og Finnmark Trøndelag Vestfold og Telemark Vestland Viken
501 1915 770 584 1249 1304
519 154 1331 765 74 634
44 64 749 84 17 929
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.