Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Spørretimespørsmål nr. 21 · 2021-2022

Rørosmeieriet er ein liten, økologisk og populær aktør i butikkhylla. Nå har dei òg slått an i Minnesota blant norskætta amerikanarar og Røros Butter finst på over 65 salsstader. Det er kostbart å …

Gunhild Berge Stang (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Sandra Borch, 25. november 2021.

Til
Landbruks- og matministeren · Sandra Borch
Datert
25. november 2021
Besvart
1. desember 2021

Finanser · Avgifter · Landbruk · Landbruksprodukter

Spørsmål

Rørosmeieriet er ein liten, økologisk og populær aktør i butikkhylla. Nå har dei òg slått an i Minnesota blant norskætta amerikanarar og Røros Butter finst på over 65 salsstader. Det er kostbart å vere ein liten produsent og når kostnadane blir for høge hjelper det ikkje å vere populær. Etter at Landbruksdirektoratet nyleg endra vilkåra for distribusjonsstønad til meieriaktørane, vil det vesle meieriet få dramatisk auka kostnadar med 8 mill. kroner. Det er nær halve driftsresultatet deira. Ei løysing kan vere å innføre eit botnfrådrag. Det kan sikre mangfald, lokale arbeidsplassar og framtidstru for lokale gründarar, landbruk- og reiselivsnæring. Venstre har eit hjarte for små aktørar i næringslivet og eit mangfald i matproduksjonen.
Vil statsråden leggje inn ei grunnplanke i støtte- og avgiftsordningane i meierinæringa slik at små, lokale aktørar kan sikrast levelege vilkår?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Gunhild Berge Stang →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.