Skriftlig spørsmål nr. 369 · 2021-2022
Korleis vurderer Regjeringa dei kystnære områda Frøyagrunnane/ Olderveggen utanfor Bremanger kommune i samband med pågåande prosessar for opning av område for framtidig utbygging av vindkraft til havs?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til olje- og energiministeren, Marte Mjøs Persen, 14. november 2021. Svaret kom 23. november 2021.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Olje- og energiministeren · Marte Mjøs Persen
- Datert
- 14. november 2021
- Besvart
- 23. november 2021
Spørsmål
Korleis vurderer Regjeringa dei kystnære områda Frøyagrunnane/ Olderveggen utanfor Bremanger kommune i samband med pågåande prosessar for opning av område for framtidig utbygging av vindkraft til havs?
Begrunnelse
NVE vurderte i "Havvindrapporten" frå 2103 Frøyagrunnane utanfor Bremanger som skilde seg ut som særleg aktuelle for framtidig utbygging av vindkraft til havs. I ei oppdatert vurdering i 2018, var NVE si vurdering at Frøyagrunnane har blitt mindre aktuelt som utbyggingsområde for vindkraft, pga. teknologiutvikling som går i retning flytande framfor botnfast vindkraft, i tillegg til at området er relativt lite og mindre fleksibelt for tilpassing til "sambruk" med andre interesser. Området blir likevel peika på som eit mulig framtidig utbyggingsområde, i ein seinare runde.
Frøyagrunnane og Olderveggen utanfor Bremanger i Vestland fylke er særskilt rike og viktige fiskeriområde, og planane om mulig utbygging av desse områda har vekt stor uro i fiskerinæringa i regionen. Det er difor ønskjeleg å få klarlagt om regjeringa i det heile tatt ser det som aktuell politikk å opne desse områda for framtidig vindkraftutbygging til havs - eller ein vil konsentrere seg om å utvikle offshore vindkraft i større område lenger til havs der det er lettare å finne gode sambruksløysingar med fiskeriinteressene.
Svar
Olje- og energiministeren Marte Mjøs Persen, 23. november 2021
I Hurdalsplattforma heiter det at regjeringa vil legge til rette for ei storstilt satsing på havvind gjennom ein ambisiøs nasjonal strategi for havvind som blant anna inkluderer satsing på norsk leverandørindustri, eit godt regelverk og utvikling av nettinfrastruktur på norsk sokkel. Regjeringa Solberg opna i 2020 to område for fornybar energiproduksjon til havs, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, basert på utgreiingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Eg arbeider no med å fastsette eit rammeverk for tildeling av desse områda.
I tillegg ønskjer eg å legge til rette for vidare utvikling av havvind på norsk sokkel. Vi ser difor no på korleis vi kan identifisere nye område som kan konsekvensutgreiast med sikte på å opne nye område for fornybar energiproduksjon til havs. I følgje Meld. St. 36 (2020-2021) Energi til arbeid, som Solberg-regjeringa la fram, vil arbeidet med identifisering av område og konsekvensutgreiing ta to til tre år. Eg vurderer no korleis vi kan gå fram på best eigna måte. Vi har ennå ikkje teke stilling til korvidt vi skal peike på område eller kva føringar vi vil legge for dette arbeidet. Direktoratsgruppa vil vere breitt samansett slik at ulike omsyn og næringsinteresser er representert. Det vil også bli gjennomført offentlege høyringar, kor ulike interessentar kan kome med innspel undervegs i prosessen med å finne nye område for fornybar energiproduksjon.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.