Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 306 · 2021-2022

Med bakgrunn i takstreduksjonen som vart gjennomført av regjeringa Solberg i inneverande år på 25 %, er det interessant å få klarheit i kva den reelle takstreduksjonen frå dagens nivå faktisk vert. …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 9. november 2021. Svaret kom 15. november 2021.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
9. november 2021
Besvart
15. november 2021

Spørsmål

Med bakgrunn i takstreduksjonen som vart gjennomført av regjeringa Solberg i inneverande år på 25 %, er det interessant å få klarheit i kva den reelle takstreduksjonen frå dagens nivå faktisk vert.
Kan eg be om svar på kva den reelle takstreduksjonen vert med dette forslaget ut frå dagens nivå, der også moms vert reflektert?

Begrunnelse

Prop. 1S Tillegg 1 (2021-2022) angir at ferjetakstar på riks- og fylkesvegsferjer vil bli redusert frå 01 jan 2022. Det framstår uklart kva den reelle takstreduksjonen vil bli, ettersom ein set reduksjonen frå 01.01.21. Solberg-regjeringa foretok ein reduksjon med verknad frå 01.07.21 og ein bør difor oppgi ein reduksjon i forhold til dagens nivå.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 15. november 2021

I Prop. 1 S (2021–2022) foreslo regjeringa Solberg å setje av 483 mill. kr til reduserte ferjetakstar på riks- og fylkesvegferjene. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) foreslår regjeringa å setje av ytterlegare 489,8 mill. kr til reduserte ferjetakstar. Samla sett er det foreslått å setje av 972,8 mill. kr. Framlegget legg til rette for at takstane for reisande vil liggje 30 pst. under takstnivået som galdt 1. januar 2021 i både riks- og fylkesvegferjedrifta. I tillegg foreslår regjeringa 30 mill. kr til gratis ferjer i trafikksvake samband.
Regjeringa sitt framlegg legg til rette for ein takstreduksjon for den reisande på 11,7 pst. frå dagens nivå til 1. januar 2022. Regjeringa Solberg sitt framlegg ville gitt ein takstauke for den reisande på 12,7 pst. frå dagens nivå til 1. januar 2022.
Den mellombels låge mva-satsen vart tilbakeført frå 6 pst. til 12 pst. med verknad 1. oktober 2021. Dette er reflektert i dei prosentvise samanlikningane i svaret.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.