Skriftlig spørsmål nr. 286 · 2021-2022
Kva er dei økonomiske konsekvensane for norsk næringsliv av ikkje å gjennomføre EU si offentleggjeringsforordning og EU si taksonomiforordning i norsk rett hausten 2021?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Anniken Huitfeldt, 6. november 2021. Det ble besvart av finansministeren Trygve Slagsvold Vedum. Svaret kom 12. november 2021.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Utenriksministeren · Anniken Huitfeldt
- Besvart av
- Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
- Datert
- 6. november 2021
- Besvart
- 12. november 2021
Spørsmål
Kva er dei økonomiske konsekvensane for norsk næringsliv av ikkje å gjennomføre EU si offentleggjeringsforordning og EU si taksonomiforordning i norsk rett hausten 2021?
Begrunnelse
Solberg-regjeringa la før sommaren 2021 fram Prop. 208 LS (2020–2021) «Lov om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer og samtykke til deltagelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/2088 og forordning (EU) 2020/852».
Den nye regjeringa har, så langt eg er kjend med, enno ikkje offentleg tatt stilling til dei to forordningane. Om saka trekkast av den nye regjeringa vil konsekvensane for norsk næringsliv vere alvorlege, fordi dei då ligg etter konkurrentar i resten av Europa.
Svar
Finansministeren Trygve Slagsvold Vedum, 12. november 2021
Statsministeren har i brev 8. november til Stortingets presidentskap gjort greie for regjeringa sine anbefalingar med omsyn til proposisjonar og meldingar som er overrekt eller referert i Stortinget i førre valperiode. I brevet anbefaler regjeringa at Prop. 208 LS (2020–2021) vert behandla av Stortinget. Arbeidet med å leggje til rette for at finanssektoren kanaliserer kapital til berekraftige prosjekter og aktivitetar, er eit viktig tiltak for å medverke til den naudsynte omstillinga av økonomien i åra framover.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.