Skriftlig spørsmål nr. 203 · 2021-2022
Regjeringa Solberg sette i oktober 2020 ned eit ekspertutval for å vurdere om det finst ny informasjon om kva løysing som er best for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Fristen frå utvalet …
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 29. oktober 2021. Svaret kom 8. november 2021.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 29. oktober 2021
- Besvart
- 8. november 2021
Spørsmål
Regjeringa Solberg sette i oktober 2020 ned eit ekspertutval for å vurdere om det finst ny informasjon om kva løysing som er best for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Fristen frå utvalet for å levere endeleg rapport er 1. november 2021.
Kan eg be om ein status for prosjektet, og eg ønsker òg ei forsikring frå statsråden om at departementet jobbar saman med ekspertgruppa for å få fram eit godt grunnlag for å ta ei avgjerd på det vidare arbeid?
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 8. november 2021
Ekspertutvalet som skal vurdere og gi regjeringa råd om den vidare handteringa av ubåtvraket U-864 bad i oktober om utsett frist for å levere endeleg rapport. Årsaka er at utvalet ser det som naudsynt å gjennomføre ytterlegare undersøkingar av vraket og havbotnen for å kunne gje gode råd om den vidare handteringa av vraket og kvikksølvforureininga. Utvalet har fått innvilga førespurnaden om utsetjing, og ny frist er 1. juli 2022.
Utvalet arbeider uavhengig av departementet, og eg vil følgje opp saka vidare så snart utvalet har sendt tilrådinga si.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.