Skriftlig spørsmål nr. 31 · 2021-2022
Har statsråden som mål å fase ut kommersielle aktører i barnevernet, selv om det kan medføre dårligere tilbud til de aller svakeste?
Silje Hjemdal (FrP) stilte spørsmålet til barne- og familieministeren, Kjersti Toppe, 14. oktober 2021. Svaret kom 22. oktober 2021.
- Fra
- Silje Hjemdal (FrP)
- Til
- Barne- og familieministeren · Kjersti Toppe
- Datert
- 14. oktober 2021
- Besvart
- 22. oktober 2021
Spørsmål
Har statsråden som mål å fase ut kommersielle aktører i barnevernet, selv om det kan medføre dårligere tilbud til de aller svakeste?
Begrunnelse
Det vises også til Hurdalserklæringen, hvor det står at «regjeringen vil gradvis fase ut store kommersielle aktører innenfor barnevernet.»
Det er en bred politisk forståelse for at både offentlige, ideelle og kommersielle aktører bidrar med god og nødvendig kompetanse og tilbud innen barnevernsektoren. Mange vil hevde at det er kvaliteten og tilgjengeligheten på tilbudet som er det viktigste. Sårbare barn og familier har krav på det beste tilbudet som er tilgjengelig. Å utelukke noen tilbydere, på ideologisk basis, er å svikte de svakeste i samfunnet.
Svar
Barne- og familieministeren Kjersti Toppe, 22. oktober 2021
Regjeringa ønsker gradvis å fase ut kommersielle aktørar innanfor i barnevernet og sikre ideelle verksemder langsiktige avtaler med det offentlege. Dette kjem tydeleg fram i Hurdalsplattforma. Dette gjeld særleg der bruken av dei private er prega av konkurranseutsetjing og anbod, slik som i institusjonsbarnevernet. Samstundes skal omsynet til barn og familiar, og kvaliteten på tilbodet, alltid kome først.
Barnevernet ivaretar dei aller mest utsette barna, og tilbodet i institusjonsbarnevernet er det offentlege sitt ansvar. Då har det offentlege eit stort behov for styring og kontroll med tilbodet. Situasjonen i dag er at dei mest sårbare barna med dei mest samansette behova, ofte har opphald i kommersielle institusjonar. Desse barna er oftest utsett for utøving av myndigheit og tvang, har oftest behov for koordinering med andre offentlege tenester, særleg helsetenester, og kompleksiteten i behova deira gjer det spesielt krevjande å utforme gode kontraktar med godt offentleg innsyn i resultata av tenestene.
Stortinget diskuterte i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2021-2022) ei arbeidsdeling der dei statlege institusjonane blir styrka og omstilt, slik at dei i større grad kan ta vare på barna med dei største og mest samansette behova, samstundes som bruken av dei ideelle leverandørane blir auka. Dette vil innebere ein reduksjon i bruken av kommersielle leverandørar. Dette er ei faglig forankra og grunngjeve arbeidsdeling mellom leverandørane. Stortinget slutta seg i hovudsak til meldinga. Stortinget fatta og i 2018 eit oppmodingsvedtak om å auke andelen ideelle institusjonsplassar til 40 prosent innan 2025, utan at den statlege andelen blir redusert.
Eg vil arbeide vidare i tråd med retninga i Hurdalsplattforma og sjå til tidlegare vedtak i Stortinget. Kvaliteten i tilbodet må alltid kome først. Større strukturelle endringar i institusjonstilbodet vil ha budsjettmessige konsekvensar. Nærare vurderingar må derfor gjerast i samband med dei ordinære budsjettprosessane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Silje Hjemdal →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.