Skriftlig spørsmål nr. 648 · 2026-2027
Kan samferdselministeren forklare kvifor Nye veier as foreslår det dyraste alternativet for ny E-136 gjennom Marstein, når dette både er mest trafikkfarlig med veg gjennom bebyggelsen , samt at dette medfører store ulemper for bebuarane der også fleire bygg må rivast dersom alternativ 1 vert valgt?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 4. november 2026. Svaret kom 20. november 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 4. november 2026
- Besvart
- 20. november 2026
Spørsmål
Kan samferdselministeren forklare kvifor Nye veier as foreslår det dyraste alternativet for ny E-136 gjennom Marstein, når dette både er mest trafikkfarlig med veg gjennom bebyggelsen , samt at dette medfører store ulemper for bebuarane der også fleire bygg må rivast dersom alternativ 1 vert valgt?
Begrunnelse
I prosjektet E-136 i Møre og Romsdal, har Nye veier as prestert å foreslå den dyraste løysinga for gjennomføring av ny veg frå Monge og gjennom Marstein ved å foreslå fortsatt vegløysing gjennom bebyggelsen med svært mange avkøyrsler, og betydelige ulemper for dei som bur der, samt krav om riving av fleire bygg. Dette alternativ 1 er også åpenbart det mest trafikkfarlige, med veg direkte gjennom området med bebyggelse. Lokalbefolkninga er opprørt, og det virker ganske så meiningslaust når det billigaste og mest trafikktrygge alternativet ligger i alternativ 2 iform av ny veg bak bebyggelsen.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 20. november 2026
For strekninga gjennom Marstein er det greidd ut to alternativ. Alternativ 1 byggjer vidare på eksisterande infrastruktur og avgrensar inngrepa i nye urørte areal, men gir samstundes større konsekvensar for busetnaden og kulturmiljøet på Marstein. Alternativ 2 flyttar gjennomgangstrafikken bort frå busetnaden, men inneber etablering av ein ny vegkorridor gjennom natur- og utmarksområde. Begge alternativa inneber ei vesentleg betring av trafikktryggleiken samanlikna med dagens situasjon.Kostnadsskilnaden mellom alternativa vart i planarbeidet rekna til om lag 10 millionar kroner. Dette er vesentleg mindre enn uvissa i kostnadsoverslaga og alternativa må difor i praksis reknast som kostnadsmessig likeverdige. Nye Veier opplyser at kostnad såleis ikkje har vore avgjerande for tilrådinga.Nye Veier har tilrådd å vidareutvikle den eksisterande infrastrukturen framfor å etablere ein ny vegkorridor. Rauma kommune har handsama saka og vedteke alternativ 2, der E136 blir lagd i ny trasé utanfor busetnaden på Marstein. Nye Veier legg kommunen sitt val til grunn for det vidare arbeidet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.