Skriftlig spørsmål nr. 556 · 2026-2027
Kan næringsministeren forklare logikken i denne ekstrabeskatninga av turistane i til dømes Geiranger i Stranda kommune, når turistane frå før i dette området årleg betalar mellom 50-100 million …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 29. oktober 2026. Svaret kom 16. november 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 29. oktober 2026
- Besvart
- 16. november 2026
Spørsmål
Kan næringsministeren forklare logikken i denne ekstrabeskatninga av turistane i til dømes Geiranger i Stranda kommune, når turistane frå før i dette området årleg betalar mellom 50-100 million kroner til både kommunen og den Norske stat, i skattar og avgifter for å besøke denne bygda i Stranda kommune, og kan ministeren forklare rasjonalet i dette, når kommunen frå før tar ut 10 million kr årleg i utbytte frå turistane som besøker bygda, utan at desse pengane blir brukt til turistrelaterte formål og kostnadar ikring dette?
Begrunnelse
Regjeringa har igjen vore kreative med tanke på nye skattar og avgifter og offentlige inngrep i næringslivet sine lommebøker.
Det nye tilskuddet i så måte, er det såkalla "besøksbidrag" som ein direkte ekstraskatt som legges på turistene i utvalgte kommuner, trekt frå hotell osv og cruisenæringa.
Kommune som no er valgt ut er blant anna Stranda kommune i Møre og Romsdal, som er ei stor turistkommune, der turistane pr i dag betalar ekstremt mykje frå før for å besøke til dømes Geiranger og verdsarvfjorden.
Mange titals million kroner går frå Stranda hamnevesen KF direkte til kommunen, eit KF eigd av Stranda kommune. Dette er årlege overskot, pga skyhøge cruiseavgifter der blandt anna alle som går i land, må betale ilandstigningsavgift, som ei rein avgift pr person og kvar turist som besøker bygda.
Kvart år tek Stranda kommune ut ca 10 mill kroner i direkte utbytte frå cruisenæringa, i tillegg til skyhøg eigedomsskatt som rammar reiselivsnæringa og hotella i regionen, som sjølvsagt frå før har skyhøg formueskatt, bedriftsbeskattning, skyhøge straumutgifter og ei høg rente etter svært mange renteaukar på AP si vakt.
I kommunen jublar dei raud/grøne partia, godt støtta av Høgre, og nokre upolitiske utbrytarar som lot seg velje på FrP si valgliste, for deretter melde seg ut og framstå så raude og sosialistiske at til og med AP lokalt rødmer.
Argumentasjonen for denne ekstraskatten, er at kommunen har store utgifter pga turistene, og trenger sårt denne ekstraskatten for å finansiere dette.
- Problemet og fakta, er at ikkje ei krone av dei ekstremt store utbytta frå turistnæringa frå både Cruisenæringa og andre på titals på titals million kr i den lille kommunen, blir brukt i til dømes Geiranger for tiltak pga turistane.
Desse pengane går luktens inn i kommunekassa for saldering av administrasjon og andre faste utgifter der.
Såleis framstår denne ekstrabeskatninga rimeleg så meiningslaus, og har ikkje rota i realisme i det heile, då turistane i dette området, Geirangerfjorden med omland, årlig pr i dag betalar mellom 50-100 million kroner i skattar og avgifter til kommunen, pengar altså kommunen slett ikkje nyttar til turistrelaterte formål, noko som gjer denne nye skatten enda meir greinalaus, og framstår KUN som enda eit sugerør inn i næringslivet.
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 16. november 2026
Noreg er eit attraktivt reisemål og tillit og samarbeid mellom folk på staden, reiselivsbedrifter og gjestane er naudsynt. Skal reiselivsnæringa halde fram med å vokse, må dette skje innanfor berekraftige rammer. På sikt kan det og medverke til at reisemålet blir meir attraktivt.
Høvet til å krevje inn eit besøksbidrag er etterspurd av fleire norske kommunar. Fleire turistar fører med seg eit auka press på fellesgode, som til dømes tilgang til stiar, offentlege toalett og avfallshandtering. Besøksbidragslova gjer at gjestane kan betale sin del av fellesgoda dei nyttar, og gir kommunar med særleg stort reiselivstrykk eit nytt verktøy til å møte desse utfordringane.
Lov om besøksbidrag blei vedteke av Stortinget i juni 2025. Lova set rammer for ei frivillig, kommunal overnattingsavgift, ho inneheld heimlar som gir regjeringa høve til å innføre ei avgift frå cruiseverksemd og ei ordning med besøksbidrag i Longyearbyen. Sistnemnde er justis- og beredskapsministeren ansvarleg for å følgje opp.
Når det gjeld spørsmålet frå representanten, viser eg til at besøksbidragsordninga er ei frivillig kommunal ordning. Det er kommunen ved kommunestyret, som til dømes i Stranda kommune, som kan fastsetje forskrift om overnattingsavgift.
Formålet til besøksbidragslova er å syte for at gjestane betalar sin del av fellesgoda i område med særleg stor belasting frå reiselivet.
Midlane frå avgifta kan berre nyttast i tråd med formålet med lova, reiselivsrelaterte fellesgode, og er ikkje frie midlar som kan nyttast til å saldere kommunebudsjettet. Besøksbidragslova § 1-1 andre ledd fastset kva inntektene frå overnattingsavgifta kan nyttast til. Reiselivsrelaterte fellesgode som kan finansierast av besøksbidrag er tenester, natur, kulturmiljø, infrastruktur, bygningar, og andre element, der bruken eller behovet aukar monaleg med talet på gjestar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.