Skriftlig spørsmål nr. 340 · 2026-2027
Meiner statsråden det er problematisk at offshorehelikoptertrafikken gjentekne gonger blir flytta frå Florø til Bergen, og kva konkret vil regjeringa gjere for å sikre at føresetnadane om Florø som helikopterbase for Gjøa blir følgd opp og ikkje uthola?
Grunde Almeland (V) stilte spørsmålet til energiministeren, Terje Aasland, 25. oktober 2026. Svaret kom 2. november 2026.
- Fra
- Grunde Almeland (V)
- Til
- Energiministeren · Terje Aasland
- Datert
- 25. oktober 2026
- Besvart
- 2. november 2026
Spørsmål
Meiner statsråden det er problematisk at offshorehelikoptertrafikken gjentekne gonger blir flytta frå Florø til Bergen, og kva konkret vil regjeringa gjere for å sikre at føresetnadane om Florø som helikopterbase for Gjøa blir følgd opp og ikkje uthola?
Begrunnelse
Sommaren 2025 vart offshoretrafikken frå Florø lufthamn i ein periode flytta til Bergen, og talet på offshorereisande frå Florø vart kraftig redusert samanlikna med året før. Helikopterselskapet Bristow grunngav flyttingane med tekniske problem på helikopter, mangel på teknikarar og knappheit på reservedelar, og flyttingane skjedde i samarbeid med Equinor og Vår energi, som er selskapa dei reisande er tilsette i. I juni 2026 vart delar av offshoretrafikken midlertidig flytta frå Florø til Bergen, og no er det flytta igjen.
Det har vore ein klar føresetnad at petroleumsverksemda skal skape ringverknader i land, og at basestrukturen langs kysten skal nyttast aktivt. Mellom anna i St.prop. nr. 64 (2006-2007) om utbygginga av Gjøa, blei det lagt til grunn at logistikkorganisasjonen skulle liggje i Florø, med ein forsynings- og helikopterbase, og at personelltransporten til feltet i all hovudsak skulle skje frå Florø. Når operatørane likevel flyttar trafikken til Bergen når det høver eigne driftsmessige behov, blir denne føresetnaden i realiteten sett til side.
Florø lufthamn har om lag 140 årsverk, der dei fleste er knytte til helikoptertrafikken. Det går normalt fire til fem daglege offshoreavgangar til Nordsjøen frå heliporten. Når trafikken blir flytta, råkar det både lufthamna og det lokale næringslivet som er knytt til offshoreaktiviteten. Sjølv om kvar enkelt flytting kan vere ei kommersiell avgjersle, kan situasjonen likevel i sum vere med på å svekke grunnlaget for lufthamna, arbeidsplassane, næringslivet og den regionale beredskapen.
Svar
Energiministeren Terje Aasland, 2. november 2026
Jeg er ikke kjent med at rettighetshaverne planlegger å ikke fly helikopter fra Florø, men vet at det av driftsmessige årsaker i perioder har vært endringer i helikoptertrafikken. Sikker drift er prioritet nummer en. Det er rettighetshaverne som er ansvarlig for den operasjonelle aktiviteten i petroleumsnæringen, og at den skjer trygt og sikkert og innenfor regelverket. Dette gjelder også for deres helikoptertrafikk, inkludert den som skjer fra Florø.
Ringvirkninger på land avhenger av at det er aktivitet på kontinentalsokkelen. Rettighetshaverne på kontinentalsokkelen jobber aktivt med å utvikle tilleggsressurser rundt sine eksisterende felt. Det er svært positivt. Det gir store verdier til fellesskapet og grunnlag for forlenget drift og dermed ringvirkninger og arbeidsplasser over tid. Det gjør også Norge i stand til å levere olje og gass til Europa.
Dette gjelder også for Gjøafeltet og området rundt som representanten spør om. I henhold til opprinnelig utbyggingsplan for feltet var det planlagt produksjon fram til 2026. Operatøren på
Gjøa forventer nå at det kan være grunnlag for lønnsom drift til om lag 2045. Altså 20 år lenger enn forventningen da feltet ble besluttet bygd ut. Det er bra for Vestlandet, bra for Norge og bra for Europa.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Grunde Almeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.