Skriftlig spørsmål nr. 443 · 2026-2027
Kan samferdselministeren forklare korleis det er mogeleg å prestere å gjere noko så vanvittig dårleig for trafikktrygging, som å fjerne heit tilskotet og løyvingane frå stasbudsjettet ang. trygg …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 22. oktober 2026. Svaret kom 9. november 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 22. oktober 2026
- Besvart
- 9. november 2026
Spørsmål
Kan samferdselministeren forklare korleis det er mogeleg å prestere å gjere noko så vanvittig dårleig for trafikktrygging, som å fjerne heit tilskotet og løyvingane frå stasbudsjettet ang. trygg skuleveg og for nærmiljløet, og er det dette samferdselsministeren meinte med "trygg styring" i framlegginga av Trontalen i Stortinget?
Begrunnelse
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, har ein prestert å kutte i fleire viktige tiltak for trafikktrygging, og trygg skuleveg blandt anna.
Syklistforeningen og elevorganisasjonen er til dømes også veldig bekymra for regjeringa sitt forslag om å kutte heile tilskuddsordninga "Tryggere skoleveier og nærmiljø" i forslaget til statsbudsjett neste år.
Dette er et farlig og uforståelig kutt når vi veit at ulykkestallene går oppover for mjuke trafikantar og vi har opplevd nokon forferdelige ulykker langs skuleveiene den siste tida, likevel finn regjeringa på å kutte dette.
Framlegget frå regjeringa om å kutte dette påvirker barna sin sikkerheit, og er stikk i strid med det vi trenger no i ei tid der det ikkje har vore fleire hardt skadde og drepte i trafikken dei 10 siste åra.
Frp fremma siste året å auke denne løyvinga til 100 million kr, som burde være minst nivået dette vart plassert i, ikkje kutta slik regjeringa gjer som er ein direkte nedbygging av trafikktryggingsarbeidet i praksis.
Når pengane til dette trafikktryggingsarbeidet som før var øyremerka og kom frå Statens vegvesen, no går direkte inn til kommunane, forsvinner dette berre i dei kriseramma kommunale økonomisluket rundt omkring i landet, og blir ivertfall ikkje brukt til trafikktrygging.
At regjeringa er så greinalause at dei trur at kommunane skal prioitere og håndtere dette, vitnar berre om totalt manglande forståelse for korleis slikt arbeide foregår i praksis i kommunane, og kva den økonomiske situasjonen er i kommunanen som sliter i dag med å sørge for heilt generelle nødvendige tilbud som eldreomsorg, sosial og skuledrift, og trenger slett ikkje fleire oppgåver.
Derfor er øyremerking av slike midlar, som må omsøkjast heilt nødvendig dersom ein i praksis skal treffe tiltak som sørgar for trygge skulevegar og nærmiljø, der kommunane og fylka har måtte søkje om dette til blandt anna fortau, gang og sykkelveg, fartsdumpar, gangfelt, belysning og sikring av områda ikring skulane. Mange fylker har også 50/50 deling mellom fylke og kommune for slike trafikktryggingstiltak som er omsøkbart, og der desse midlane frå Statens vegvesen har vore kjærkomne i tillegg.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 9. november 2026
Tilskot til tryggare skulevegar og nærmiljø er foreslått innlemma i rammetilskotet til kommunane. Dette er i tråd med Kommuneproposisjonen 2027 og ein del av regjeringa sitt arbeid med å redusere den statlege detaljstyringa.
Fleire av tiltaka som har fått tilskot gjennom denne ordninga har hatt noko låg framdrift og måloppnåing, og ordninga har over tid hatt mindreforbruk fordi prosjekt som har fått tilskot ikkje har vorte sette i gang eller har blitt forseinka. Tilskotsordninga har eit relativt stort tal søkjarar og krev mykje administrasjon, særleg sett i høve til tilskotssummane som blir tildelte.
Kommunane er viktige aktørar i trafikktryggingsarbeidet, og dei veit best sjølve kvar pengane gjer mest nytte lokalt. Eg har tiltru til at kommunane held fram med å prioritere trafikktrygge skulevegar og nærmiljø.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.