Skriftlig spørsmål nr. 442 · 2026-2027
Har regjeringa, og samferdselsministeren respekt og omsut for alle dei som blir hardt skadd og drept på norske vegar, og har regjeringa tenkt å gjere noko med vedlikeholdsetterslepet og andre viktige …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 22. oktober 2026. Svaret kom 9. november 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 22. oktober 2026
- Besvart
- 9. november 2026
Spørsmål
Har regjeringa, og samferdselsministeren respekt og omsut for alle dei som blir hardt skadd og drept på norske vegar, og har regjeringa tenkt å gjere noko med vedlikeholdsetterslepet og andre viktige tiltak for å få ned antallet hard skadde og drepte på norske vegar, utanom å stemme imot alle fornuftige trafikktryggingstiltak frå opposisjonen, slik som kant og midtoppmerking, romlefelt, underskinner for MC, trygg skuleveg, gang og sykkelveg, belysning, meir asfalt, breddeutbedring, nye og trygge vegar med midtdeler osv.?
Begrunnelse
Over 80 % av persontransporten her i landet, skjer med bil, og det er på norske vegar med bil dei fleste alvorlige ulukkene og dødsulykkene skjer.
Dette var også mitt tema og grunnlaget for mine spørsmål til samferdselsministeren i ordinær spørjetimen onsdag 21/10.
Når statsråden svarer tilbake stort sett med motangrep og med tema ang "sparkesykkel" blir dette aldeles greinalaust.
Greit nok når statsråden har så forsvinnande lite bakgrunn frå norske vegar der vedkommande til og med står uten bilsertifikat, kan ein vel sikkert ikkje forventen anna, men det får rett og slett vere måte på.
Ein statsråd som er mest opptatt av bynære forhold som "som "trikk og sparkesykkel" er det sikkert ikkje det viktigaste, at året vi no er inne i, er det verste året på 10 år ang alvorlege ulykker og dødsulykker på norske vegar.
Når eg i tillegg legg merke til at i spørsmål etter spørsmål, der samferdselsministeren svarar tilbake til dei ulike representantane som stiller spørsmål, med direkte politiske motangrep og med gong etter gong direkte spørsmål til representantane i sitt siste svar, verkar dette som ein minister som slett ikkje har sett seg inn i regelverket for ordinær spørjetime, men opptrer som om dette var eit "replikkordskifte", noko det sjølvsagt ikkje er.
Har regjeringa sett inn ein samferdselsminister som har så lite omsut og respekt for alle dei som blir hardt skadd i trafikken eller drept i trafikken, at vedkommande ministre heller fjasar dette vekk i aldeles vekksnakking, motangrep og spørsmål tilbake, bør statsministeren sporens streks skifte ut denne ministeren med nokon som er skodd for oppgåva, og har respekt for trafikktrygging og dei svært alvorlige talla som no rir ulykkesåret vi er inne i.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett dokumenterar regjeringa sjølve at vegvedlikeholdsetterslepet aukar , både på riks og for fylkesvegane, dette betyr i praksis fleire hardt skadde og drepte på norske vegar, heilt med vitande vilje, og utan omsut for å gjere tiltak som faktisk får dette redusert.
Kvifor regjeringa gjer dette, i tillegg til auka miljø og klimakrav for alt innan samferdsel som direkte fører til betydeleg mindre igjen for pengane, mindre asfalt, mindre vedlikehold og mindre utbedring av farlige vegar, forstår svært få.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 9. november 2026
Det er djupt tragisk når liv går tapt i trafikken. Kvar einaste ulukke minner oss om kor sårbare vi er på vegen. Dei høge ulukkestala vi har sett dei siste åra, vekkjer uro hos alle som arbeider med trafikktryggleik. Det er ikkje mogleg å byggje seg ut av trafikkulukkene åleine. Vi må arbeide heilskapleg, både med vegen og med dei som køyrer på den.
Denne regjeringa si hovudprioritering i Meld. St. 14 (2023-2024) Nasjonal transportplan 2025-2036 var å dreie ressursbruket til å ta vare på det vi har, utbetre der vi kan og byggje nytt når vi må. God drift og vedlikehald av vegane er viktig for trafikktryggleiken og framkoma. Under Arbeiderparti-regjeringa har løyvinga til drift og vedlikehald av riksveg auka frå 9,8 milliardar 2027-kroner i Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag for 2022 til vårt budsjettforslag på 11,9 milliardar kroner i 2027. Dette inneber ei klar styrking av vedlikehaldet, og vi viser med dei årlege budsjetta at vi følgjer opp dette retningsvalet.
Som eg tidlegare har sagt, la Statens vegvesen i mars fram ein ny tiltaksplan for trafikktryggleik på veg. Planen inneheld 200 omforeinte og fagleg forankra tiltak på område som mellom anna fart, rus, motorsykkel, teknologi, barn og unge. Planen følgjer eksplisitt opp fleire av tiltaka som representanten nemner. Mellom anna skal fylkeskommunane og Statens vegvesen, når dei utbetrar risikokurver, gjere ei særskild vurdering av behovet for risikoreduserande tiltak for motorsykkel (tiltak 120). Aktuelle tiltak kan vere å montere underskinner på rekkverk i ytterkurver. Statens vegvesen, fylkeskommunane og storbykommunane skal gjennomføre fysiske tiltak der barn og unge ferdast, med særleg vekt på utsette skulevegar (tiltak 47). Det kan til dømes vere fortau, gang- og sykkelvegar, sikring av kryssingspunkt, belysning, lågare fartsgrenser og fartsdempande tiltak.
Det norske trafikktryggleiksarbeidet er svært godt. Trass i ei negativ utvikling dei siste åra har Noreg framleis dei tryggaste vegane i verda. Den viktigaste trafikktryggleiksaktøren er likevel kvar enkelt av oss: korleis vi køyrer, farten vi held, og at vi har full merksemd på vegen. God trafikktryggleik krev meir enn berre gode vegar. Det krev også gode trafikantar. Difor arbeider denne regjeringa heilskapleg, med vegen og med dei som køyrer på den, for at alle skal kome trygt fram.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.