Skriftlig spørsmål nr. 349 · 2026-2027
Kvifor presterer samferdselsministeren å kaste vekk skattebetalarane sine pengar, sløse så inn i granskogen med offentlige midlar, ved å utrede meir på det aldeles meiningslause Møreaksen prosjektet, …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 20. oktober 2026. Svaret kom 29. oktober 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 20. oktober 2026
- Besvart
- 29. oktober 2026
Spørsmål
Kvifor presterer samferdselsministeren å kaste vekk skattebetalarane sine pengar, sløse så inn i granskogen med offentlige midlar, ved å utrede meir på det aldeles meiningslause Møreaksen prosjektet, eit prosjekt som er kasta heilt ut av NTP, eit prosjekt til mange, mange titals milliard kr for 2992 bilar i døgnet, og som eit svært stort fleirtal av innbyggjarane i Møre og Romsdal slett ikkje vil ha, kvifor sløse vekk ei krone på Møreaksen, når prioriterte prosjekter som ligg i fyrste delen av NTP slett ikkje blir realisert?
Begrunnelse
Regjeringa viser for oss alle at samferdselsutbygging og bygging av landet med nye viktige vegprosjekt, slett ikkje er prioritert av Støre regjeringa. Ein ligg langt bak måla i NTP for bygging og prioritering og oppstart av nye større vegprosjekt i heile landet, der heller ikkje dei fyrste 6 åra i NTP blir fulgt opp og realisert verken planmessig eller iform av oppstart og utbygging. Likevel har regjeringa prestert å bestille vurderingar for prosjekt som ligg langt utanfor HEILE NTP, en sine 12 år, i den såkalla "utviklingsporteføljen" som i realiteten er ei "avviklingsportefølje", der regjeringa presterer å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på prosjekt som ALDRI vil bli bygd.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 29. oktober 2026
Planlagt utbygging av E39 mellom Ålesund og Molde (Møreaksen) er delt opp i fleire delstrekningar med ulike planstatus. Konseptval for hovudstrekninga blei gjort i 2014, og inneber tunnelløysingar og hengebru. Prosjektet ligg i Statens vegvesen si utviklingsportefølje, og det er ikkje rom for realisering i tolvårsperioden til NTP 2025–2036. I Nasjonal transportplan varsla regjeringa at vi vil gi Statens vegvesen i oppdrag å vurdere gjennomføringsrekkjefølga for Møreaksens delprosjekt.Samferdselsdepartementet har bede Statens vegvesen om å vurdere ein gjennomføringsrekkefølge der E39 Molde–Julbøen og eventuell hengebru mellom Otrøya og Molde prioriterast først, samt sjå på moglegheit for trinnvis utbygging. Vurderingane skal ta omsyn til om gjennomførbarheit, kostnadar og nytte og skal òg sjåast i samanheng med vidare utvikling av ferjetilbodet mellom Vestnes og Molde.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.