Skriftlig spørsmål nr. 348 · 2026-2027
Regjeringa har heile tida messa om at ein må bygge nytt der ein må, og ta vare på og vedlikeholde det ein har, kan samferdselsministeren forklare kvifor regjeringa slett ikkje bygger nytt der ein må, …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 20. oktober 2026. Svaret kom 29. oktober 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 20. oktober 2026
- Besvart
- 29. oktober 2026
Spørsmål
Regjeringa har heile tida messa om at ein må bygge nytt der ein må, og ta vare på og vedlikeholde det ein har, kan samferdselsministeren forklare kvifor regjeringa slett ikkje bygger nytt der ein må, og slett ikkje tar vare på det ein har, der vedlikeholdsetterslepet blir kraftig forverra både på riks og fylkesvegane, og ein ligg langt bak måla i NTP for bygging av nye vegprosjekt ?
Begrunnelse
Statsbudsjettet som vart lagt fram frå regjeringen for 2027, viser at samferdsel ikkje blir prioritert, og at NTP en til regjeringa på ingen måte blir fulgt opp. Vedlikeholdsetterslepet på både riks og fylkesvegane aukar, noko som er svært alvorleg, og bygging av nye vegprosjekt ligg ein langt bak måla som er sett i NTP.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 29. oktober 2026
Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken er eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i heile landet i 2050, jf. Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036. I meldinga tok regjeringa eit tydeleg strategisk val om å prioritere å ta vare på det vi har og utbetre der vi kan og bygge nytt der vi må. Hovudprioriteringane i budsjettforslaga for Samferdselsdepartementet tar utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan 2025–2036:
- Enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet
- Bidra til oppfylling av Noregs klima- og miljømål
- Nullvisjon for drepne og hardt skadde
- Effektiv bruk av ny teknologi
- Meir for pengane
Med budsjettforslaget for 2027 held regjeringa fram med trygg økonomisk styring i ei uroleg verd. Det økonomiske handlingsrommet blir trongare i åra som kjem. Jobben med å få mest mogleg samferdsel for pengane blir enda viktigare framover, og den beste måten å få til det er å ta betre vare på det vi har. Regjeringa foreslår å vidareføre det høge løyvingsnivået til drift og vedlikehald av riksvegar i 2027, som skal leggje til rette for eit trygt og framkommeleg vegnett.
Det er alltid ein føresetnad for dei nasjonale transportplanane at ressursbruken i det einskilde budsjettår må tilpassast det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet og tilstanden i norsk økonomi. Det er viktig at det ikkje blir sett i gang så mange store prosjekt at vi ikkje kan prioritere å ta vare på infrastrukturen. Vi prioriterer å byggje nytt der vi må.
Arbeiderpartiregjeringa har starta nye, viktige prosjekt. Eksemplar på dette er Fellesprosjektet Vossebana/E16 Arna–Stanghelle i Vestland og E6 Megården–Sommerset i Nordland. Med statsbudsjettet for 2027 legg regjeringa til rette for anleggsstart i prosjekta E39 Smiene–Harestad i Rogaland, rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen i Møre og Romsdal og E39 Blørstad–Lyngdal i Agder.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.