Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 239 · 2026-2027

Kva krav stilles til norsk næringsliv som er strengere enn regelverket som næringslivet i EU må forholde seg til?

Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 18. oktober 2026. Svaret kom 26. oktober 2026.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
18. oktober 2026
Besvart
26. oktober 2026

Spørsmål

Kva krav stilles til norsk næringsliv som er strengere enn regelverket som næringslivet i EU må forholde seg til?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg med eit oversyn over alle regelverk der Norge har strengere krav for næringslivet enn det som gjelder i EU. Til dømes i samband med offentlege innkjøp, klimakrav og -mål, avgiftsnivå og andre vesentlege rammevilkår.

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 26. oktober 2026

Sjølv om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) har ein felles indre marknad med mange harmoniserte reglar for å sikre fri rørsle av varer, tenester, kapital og personar, varierer regelverket for næringslivet mellom dei ulike landa i EØS. Dette kjem både av at EU-regelverk i ein del tilfelle berre fastset minstekrav eller gir handlingsrom for nasjonale tilpassingar og supplerande regulering, og at nokre område i sin heilskap ligg til nasjonale styresmakter å regulere.
I tilfelle der regelverk og krav i utgangspunktet skal vere heilt like, kan det òg oppstå skilnader dersom medlemsland ikkje gjennomfører og handhevar EU-regelverk korrekt. Europakommisjonen la i 2025 fram ein ny strategi for den indre marknaden som har som formål å redusere nett slike skilnader og gjere det enklare å drive næringsverksemd i den indre marknaden. Ved å gjere regelverket enklare, meir harmonisert og føreseieleg på tvers av landegrensene, vil marknaden og europeisk konkurransekraft styrkast. I eit norsk perspektiv er det særleg viktig å redusere EØS-etterslepet, noko som er høgt prioritert av regjeringa.
Norsk næringsliv må rette seg etter nasjonalt regelverk. Som følgje av EØS-avtalen tek Noreg inn EU-regelverk som blir vurdert som EØS-relevant i norsk rett. Regjeringa er oppteken av at reguleringar som påfører næringslivet kostnader og administrative byrder, skal vere godt grunna og stå i eit rimeleg forhold til formålet.
Norske reglar for offentlege innkjøp illustrerer korleis norsk lovgiving kan vere meir omfattande enn det som blir omtalt i EU-regelverket. Anskaffingslova med tilhøyrande forskrifter regulerer korleis det offentlege skal gå fram ved anskaffingar av varer, tenester og bygge- og anleggsarbeid. Anskaffingsregelverket er i stor grad gjennomføring av EØS-rettslege plikter. Per i dag har vi likevel nasjonale krav i anskaffingsregelverket om ivaretaking av samfunnsomsyn som ikkje følger av EØS-regelverket. Stortinget vedtok 5. februar 2026 å vidareføre desse reglane, og samle dei i anskaffingslova, jf. Lovvedtak 26 (2025–2026). Mellom anna vedtok Stortinget å vidareføre krav om ivaretaking av klima- og miljøomsyn, krav til løns- og arbeidsvilkår, krav til bruk av lærlingar og krav til dokumentasjon av skatte- og avgiftsmessige forhold. Europakommisjonen har nyleg lagt fram eit forslag til eit nytt anskaffingsregelverk, som i større grad stiller krav til ivaretaking av samfunnsomsyn i offentlege anskaffingar.
Reglane i anskaffingsregelverket rettar seg i hovudsak mot offentlege oppdragsgivarar, og ikkje mot leverandørane. I tilfelle der oppdragsgivarane er pålagde å stille krav til ivaretaking av samfunnsomsyn i offentlege anskaffingar, vil leverandørane måtte oppfylle desse krava for å delta i konkurransen. Dette gjeld likevel likt for norske leverandørar og andre EØS-leverandørar som vil delta i konkurransen om kontrakten.
Når det gjeld klimamål og klimakrav, har Noreg langt på veg likt regelverk for næringslivet i Noreg som for næringslivet i EU, dersom ein ser bort frå særnorske krav som ikkje er knytte til EU-regelverk. EU er Noregs viktigaste samarbeidspartnar på klima- og miljøområdet, og om lag 80 prosent av norsk klima- og miljøregelverk stammar frå EU-regelverk. På store delar av klima- og miljøområdet er det dei siste åra òg vedteke nye, fullt harmoniserte EU/EØS-regelverk, ofte i form av forordningar. Slike regelverk skal som hovudregel bli gjennomført likt i heile EØS, og gir avgrensa rom for nasjonale tilpassingar. Samstundes finst det på dette området fleire regelverk som berre har krav om minimumsharmonisering, som set ein felles minstestandard.
Til dømes set industriutsleppsdirektivet (IED) ei nedre grense for miljøkrav, samstundes som landa står fritt til å innføre strengare nasjonale reglar. I Noreg stiller vi vanlegvis i tillegg krav til tillaten mengd utslepp. Vidare stiller IED berre krav til særskilde industriar. Industriar som fell utanfor direktivet, blir regulerte av forureiningslova. Anna EU/EØS-regelverk, til dømes vassdirektivet, stiller likevel òg krav til løyva som blir gitt med heimel i forureiningslova.
Eit anna døme er innanfor avfallsområdet, der Noreg mellom anna har innført eit forbod mot deponering av biologisk nedbrytbart avfall, som går lenger enn deponidirektivet (1999/31/EF). Forbodet vart innført for å redusere klimagassutslepp frå avfallssektoren, særleg metanutslepp frå deponi, og har bidratt til både ein kraftig reduksjon i deponeringa av biologisk nedbrytbart avfall og betydeleg lågare utslepp frå norske avfallsdeponi. Det norske regelverket for elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) har òg eit vidare verkeområde enn EU-direktivet om elektrisk og elektronisk avfall ved at det norske produsentansvaret omfattar fleire typar EE-produkt enn EU-kravet, som til dømes stort industrielt utstyr og store industrielle kablar. Dette kjem av at Noreg har hatt nasjonale reglar for innsamling og behandling av EE-avfall sidan 1999, før det første EU-regelverket kom.
I Noreg har vi vidare valt å stille krav om at turist- og cruiseskip som seglar inn i dei norske verdsarvfjordane (som Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) må vere heilt utsleppsfrie. Slike krav er viktige for å få til omstilling i maritim sektor. EU har ingen eigne reglar som krev totale nullutslepp i dei norske fjordane, men har regelverk som stiller generelle krav til skipsfarten, til dømes gjennom system som FuelEU Maritime og kvotehandel (ETS).
Når det gjeld avgifter, er dette ikkje ei såkalla EU-kompetanse. Dei 27 medlemslanda i EU fører sin eigen skatte- og avgiftspolitikk, innanfor rammene av EUs traktatar, mellom anna føresegner om statsstøtte og den indre marknaden. Det er derfor store variasjonar i skatte- og avgiftssystema mellom medlemslanda i EU. På enkelte område er skatte- og avgiftsreglane harmoniserte i EU. Harmonisering krev einstemmig vedtak i Rådet for Den europeiske unionen. Også for harmoniserte skattar og avgifter (som meirverdiavgift, energiskattar, alkohol- og tobakksavgifter) er det store variasjonar mellom medlemslanda i EU, mellom anna i val av satsar over dei harmoniserte minimumssatsane. Å samanlikne skatte- og avgiftsreglane i dei 27 medlemslanda i EU med skatte- og avgiftsreglane i Noreg er eit omfattande arbeid som ikkje let seg gjennomføre innanfor rammene for svar på spørsmål til skriftleg svar. For ei nærare utgreiing om skatte- og avgiftssystemet i EU blir det vist til Europakommisjonen sin årlege rapport: «Annual report on taxation».

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.