Skriftlig spørsmål nr. 225 · 2026-2027
Kor mange droneovervakingssystem er erstatta, kor mange gjenstår og når vil alle systema vere erstatta med system frå land vi har sikkerheitspolitisk samarbeid med?
Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 16. oktober 2026. Svaret kom 26. oktober 2026.
- Fra
- Trond Helleland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 16. oktober 2026
- Besvart
- 26. oktober 2026
Spørsmål
Kor mange droneovervakingssystem er erstatta, kor mange gjenstår og når vil alle systema vere erstatta med system frå land vi har sikkerheitspolitisk samarbeid med?
Begrunnelse
Stortinget vedtok 10. februar 2026 følgjande etter forslag frå Høgre:
"Stortinget ber regjeringen sørge for at Avinor erstatter dronedeteksjonssystemet DJI Aeroscope med tilsvarende systemer fra land Norge har sikkerhetspolitisk samarbeid med, så snart det er praktisk mulig."
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 26. oktober 2026
Eg viser til omtalen av oppmodingsvedtak nr. 464 av 10. februar 2026 i Prop. 1 S (2026–2027) for Samferdselsdepartementet. Der går det fram at Avinor AS som selskap har ansvar for dei konkrete vurderingane og avgjerdene om anskaffing av dronedeteksjonssystem, og at selskapet er i gang med anskaffingsprosessen for alternative løysingar for dronedeteksjonssystem frå land Noreg har sikkerheitspolitisk samarbeid med. Arbeidet omfattar leverandørdialog og vurderingar av funksjonalitet, operativ nytte og økonomiske konsekvensar. Avinor utvekslar i denne samanhengen erfaringar med relevante delar av justis- og forsvarssektoren. Innanfor ansvarsområdet til Avinor blir det òg vurdert korleis nye løysingar kan understøtte eit oppdatert situasjonsbilete for droneaktivitet ved lufthamnene og bidra til effektiv informasjonsdeling med offentlege styresmakter med ansvar for luftfart, sikkerheit og beredskap.
Sidan anskaffinga ikkje er sluttført, er det på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seie når den nye løysinga vil vere på plass.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.