Skriftlig spørsmål nr. 213 · 2026-2027
Den norsk-arktiske torsken er grunnlaget for store verdiar og arbeidsplassar i Finnmark. Har fiskeri- og havministeren bede om eigne vurderingar av korleis auka petroleumsaktivitet i den nordlege …
Siren Julianne Jensen (MDG) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 15. oktober 2026. Svaret kom 25. oktober 2026.
- Fra
- Siren Julianne Jensen (MDG)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 15. oktober 2026
- Besvart
- 25. oktober 2026
Spørsmål
Den norsk-arktiske torsken er grunnlaget for store verdiar og arbeidsplassar i Finnmark.
Har fiskeri- og havministeren bede om eigne vurderingar av korleis auka petroleumsaktivitet i den nordlege delen av Barentshavet kan påverke fiskeriinteressene på lang sikt, og kva konklusjonar er i så fall trekte?
Begrunnelse
Torskebestandane i nord utgjer ei av Noregs viktigaste fornybare naturressursar og er grunnlaget for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing langs store delar av kysten i Finnmark. Samstundes går regjeringa vidare med petroleumsaktivitet i den nordlege delen av Barentshavet, mellom anna gjennom planane for Wisting-feltet. I lys av usikkerheita knytt til samla belastning på økosystema i havområda våre, er det viktig å få avklart kva vurderingar regjeringa har gjort av langsiktige konsekvensar for fiskeriinteressene, og korleis omsynet til dei fornybare ressursane blir vektlagt opp mot petroleumsverksemd.
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 25. oktober 2026
All petroleumsverksemd skjer innanfor eit strengt regelverk. Miljøtilstanden i Barentshavet er god, og forureining inn i området kjem i hovudsak via langtransport gjennom luft- og havstraumar. Det er liten påverknad frå lokal verksemd.
I Barentshavet er det i dag produksjon frå felta Snøhvit, Goliat og Johan Castberg. Desse tre felta legg beslag på lite areal, inkludert tryggingssoner. I tillegg blir det frå tid til anna gjennomført seismikkinnsamlingar eller leiteboringar i Barentshavet. Dette er eit mellombels arealbeslag, og det finst gode prosessar for å ta vare på fiskeria i slike samanhengar. Det eksisterer også tilrådde retningsliner for sameksistens mellom petroleum og fiskeri. Formålet med desse er å styrkje sameksistensen mellom petroleumssektoren og fiskerinæringa gjennom auka felles forståing.
Wisting er det største funnet på kontinentalsokkelen som ikkje er bygd ut. Rettshavarane arbeider fram mot ei investeringsavgjerd og innsending av søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av funnet mot slutten av 2027. Det er svært positivt. Ei utbygging vil bidra med store inntekter til fellesskapet, aktivitet i leverandørindustrien og ringverknader i nord. Utbygginga vil bidra til å bremse produksjonsfallet frå norske felt på 2030-talet og dermed styrkje energitryggleiken i Europa.
Ein PUD består av to delar: ein plan for utbygginga og ei konsekvensutgreiing. Konsekvensutgreiinga skal gi ei oversikt over kva verknader utbygginga er venta å få for miljø, fiskeri og samfunn, og inngår i styresmaktene sitt avgjerdsgrunnlag ved behandlinga av utbyggingsplanen. Prosessen med konsekvensutgreiing bidreg til at styresmaktene har eit godt avgjerdsgrunnlag. Rettshavarane har hatt forslag til program for konsekvensutgreiing for utbygging og drift av Wisting på høyring og har motteke høyringsfråsegner, mellom anna frå Havforskingsinstituttet. Regjeringa vil ta med seg tilrådingane frå instituttet i det vidare arbeidet med saka. Konsekvensutgreiinga er planlagd send på høyring i 2027. Også ho vil bli vurdert av Havforskingsinstituttet.
Når det gjeld den nordaustarktiske torsken og Wisting-feltet, er det ikkje aktuelt å be om ei eiga utgreiing i den samanhengen. Dette kjem av at torsken oppheld seg i området hovudsakleg i beiteperioden. Ifølgje Havforskingsinstituttet blir han då rekna som mindre sårbar for oljeutslepp og seismikk enn til dømes i egg- og larvestadiet eller i gytesesongen.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Siren Julianne Jensen →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.