Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 250 · 2026-2027

Kan samferdselministeren forklare kvifor regjeringa ikkje bryr seg om trafikktrygging og å hindre alvorlige ulykker og dødsulykker på fylkesvegane med bakgrunn i at vedlikeholdsmilliarden er trekt attende i framlagt statsbudsjett?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 15. oktober 2026. Svaret kom 23. oktober 2026.

Til
Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
Datert
15. oktober 2026
Besvart
23. oktober 2026

Spørsmål

Kan samferdselministeren forklare kvifor regjeringa ikkje bryr seg om trafikktrygging og å hindre alvorlige ulykker og dødsulykker på fylkesvegane med bakgrunn i at vedlikeholdsmilliarden er trekt attende i framlagt statsbudsjett?

Begrunnelse

Regjeringen har i framlagd statsbudsjett kuttet grunnlaget for den ekstra milliarden til vedlikehold av landets fylkesveier.
44000 km er fylkesvei, og minst halvparten av dei alvorlege ulykkene og dødsulykkene oppstår på fylkevegane, noko som gjer det ubegripeleg at regjeringa kuttar løyvingane til vedlikeholdet på fylkevegane då vedlikeholdsetterslepet der er på over 100 milliard kr.

Svar

Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 23. oktober 2026

Det er djupt tragisk når liv går tapt i trafikken. Kvar einaste ulukke minner oss om kor sårbare vi er på vegen. Dei høge ulukkestala vi har sett dei siste åra, vekkjer uro hos alle som arbeider med trafikktryggleik, meg inkludert. Eg deler ikkje representanten si framstilling av at regjeringa ikkje bryr seg om trafikktryggleik. Det er ikkje mogleg å byggje seg ut av trafikkulukkene åleine. Vi må arbeide heilskapleg, både med vegen og med dei som køyrer på den.

Den ekstra milliarden til fylkesvegane i revidert nasjonalbudsjett 2026 var eit mellombels, ekstraordinært tilskot, og var ikkje meint som ei varig ordning. Tilskotet gav fylkeskommunane høve til å setje i gang viktige vedlikehalds- og utbetringstiltak på fylkesvegnettet. Samstundes har regjeringa prioritert å styrkje fylkeskommunane sin økonomi gjennom vekst i dei frie inntektene. Det gir fylkeskommunane større handlingsrom til å prioritere dei tiltaka som er viktigast lokalt, også innan drift, vedlikehald og trafikktryggleik på fylkesvegane.

Trafikktryggleik handlar dessutan om meir enn vedlikehald åleine. I mars la Statens vegvesen fram ein ny tiltaksplan for trafikktryggleik på veg. Planen inneheld 200 fagleg forankra tiltak innanfor mellom anna fart, rus, motorsykkel, teknologi, barn og unge. Eitt av tiltaka i planen er til dømes at Statens vegvesen skal greie ut høgare aldersgrense for elsparkesykkel. Statens vegvesen vil om kort tid sende på høyring forslag om å heve aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel frå 12 til 16 år. Tiltaka i planen blir altså følgde opp.

Det norske trafikktryggleiksarbeidet er svært godt. Trass i ei negativ utvikling dei siste åra har Noreg framleis dei tryggaste vegane i verda. Den viktigaste trafikktryggleiksaktøren er likevel kvar enkelt av oss: korleis vi køyrer, farten vi held, og at vi har full merksemd på vegen. God trafikktryggleik krev meir enn berre gode vegar. Det krev også gode trafikantar. Difor arbeider denne regjeringa heilskapleg, med vegen og med dei som køyrer på den, for at alle skal kome trygt fram.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.