Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 181 · 2026-2027

Kva vil statsråden gjere for å styrkje matvareberedskapen i Noreg, og vil statsråden følgje opp Stortingets vedtak om beredskapsbutikker ?

Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 12. oktober 2026. Svaret kom 20. oktober 2026.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
12. oktober 2026
Besvart
20. oktober 2026

Spørsmål

Kva vil statsråden gjere for å styrkje matvareberedskapen i Noreg, og vil statsråden følgje opp Stortingets vedtak om beredskapsbutikker ?

Begrunnelse

Det er Senterpartiets syn at matvareberedskapen i Noreg er for dårleg. Nyleg stemte Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne ned eit forslag om å ta mat inn som eit hovudformål i langtidsplanen for sivil beredskap. Samstundes har regjeringa i framlegget til statsbudsjett kutta kraftig i tilskotet til distriktsbutikkar.

NHO Mat og Drikke, landbruksnæringa og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund har etterlyst sterkare involvering i beredskapsarbeidet. Også fiskeri- og havbruksnæringa sit på ressursar, infrastruktur og kompetanse som i større grad bør inngå i den nasjonale beredskapsplanlegginga.

God matvareberedskap føreset at heile verdikjeda fungerer – frå produksjon og foredling til transport, lagring, betaling og sal. Det må liggje føre konkrete planar for korleis befolkninga skal få tilgang til mat og andre nødvendige varer dersom straum, internett, transport eller elektroniske betalingssystem sviktar.

Regjeringa ser framleis ut til å byggje for mykje av politikken sin på at marknaden og internasjonal handel vil sikre matforsyninga også i krise eller krig.

Forbrukarrådet har særleg peikt på behovet for beredskapsbutikkar. Slike butikkar kan også fungere som lokale knutepunkt for informasjon, kontantbetaling og utdeling av nødvendige varer. Eksisterande distriktsbutikkar vil mange stader vere eit naturleg utgangspunkt for ei slik ordning.
Stortinget vedtok 6. mai 2025:

«Stortinget ber regjeringen utrede etablering av beredskapsbutikker tilsvarende ordningen i Finland og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Det er uklart kor langt regjeringa har kome i oppfølginga av vedtaket, og når Stortinget kan vente ei konkret sak. Samstundes bør statsråden vurdere om Rådet for matvareberedskap er breitt nok samansett til å representere heile verdikjeda for mat.

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 20. oktober 2026

Regjeringa deler vurderinga av at matvareberedskap er ein grunnleggjande del av den nasjonale forsyningstryggleiken. God beredskap krev at heile verdikjeda fungerer, frå produksjon til transport, lagring, distribusjon og sal.

Regjeringa arbeider derfor fortløpande med å kartleggje sårbarheiter og vurdere tiltak som kan styrkje forsyningsevna i krisesituasjonar. Stortinget s vedtak om å greie ut etablering av beredskapsbutikkar etter finsk modell blir følgt opp gjennom eit pågåande utgreiingsarbeid.

Det er viktig å sjå ein slik eventuell modell i lys av norske forhold. Noreg er eit langstrakt land med store geografiske forskjellar, spreidd busetjing og andre logistiske utfordringar enn Finland. Regjeringa vurderer derfor ikkje berre korleis beredskapen i butikkleddet kan styrkjast, men korleis forsyningstryggleiken kan styrkjast gjennom heile verdikjeda. Matvareberedskap handlar om meir enn den siste fasen der varene blir selde til forbrukar. Ei robust løysing føreset at også primærproduksjon, vidare produksjon, transport og lagring fungerer i ei krise.

Til dømes vil beredskapen vere avgrensa dersom butikkane har naudstraum medan sentrallagera som forsyner butikkane, ikkje har tilsvarande kapasitet. Regjeringa legg derfor til grunn eit heilskapleg perspektiv i utgreiinga. Regjeringa har kartlagt beredskapen hos sentrale aktørar i verdikjeda og vurderer fortløpande korleis relevante aktørar best kan involverast i arbeidet med å styrkje matvareberedskapen.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte når utgreiinga er ferdig. Arbeidet skal gi eit godt grunnlag for å vurdere korleis matvareberedskapen kan styrkjast på ein effektiv måte, tilpassa norske forhold og behova i heile verdikjeda.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.