Skriftlig spørsmål nr. 75 · 2026-2027
Kan statsråden gjere greie for korleis Stortingets vedtak om å innføre bompengefritak for lokalbefolkninga på Sollihøgda er fulgt opp, og når kan fritaket tre i kraft?
Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 6. oktober 2026. Svaret kom 14. oktober 2026.
- Fra
- Trond Helleland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 6. oktober 2026
- Besvart
- 14. oktober 2026
Spørsmål
Kan statsråden gjere greie for korleis Stortingets vedtak om å innføre bompengefritak for lokalbefolkninga på Sollihøgda er fulgt opp, og når kan fritaket tre i kraft?
Begrunnelse
Stortinget vedtok i mai 2026 ei prøveordning med bustadsfritak for bompenger for bebuarar på Sollihøgda knytt til bompengeprosjektet E16 Bjørum–Skaret.
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 14. oktober 2026
Eg viser til Stortinget si handsaming av representantforslag om bustadsfritak for bompengar på Sollihøgda, jf. Dokument 8:179 S (2025–2026) og Innst. 281 S (2025–2026). Eg viser òg til mitt svar 2. oktober 2026 på skriftleg spørsmål nr. 3953 (2025–2026) frå stortingsrepresentant Bård Hoksrud.
Som gjort greie for i svaret til Stortinget 2. oktober 2026, har Statens vegvesen greidd ut ulike tiltak for å redusere bompengebelastninga for lokalbefolkninga på Sollihøgda og sendt saksgrunnlaget for lokalpolitisk handsaming i Akershus og Buskerud fylkeskommunar.
Akershus fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune gjorde høvesvis den 24. september og den 7. oktober i år vedtak om å innføre ei tidsavgrensa prøveordning med fritak for bebuarar på Sollihøgda. Fritaket vil etter eitt år bli avløyst av ei varig ordning med omvend timesregel. Det inneber at trafikantar i takstgruppe 1 og 2 som passerer berre éin av bomstasjonane på sidevegen (gamle E16), får 80 prosent redusert takst samanlikna med den til kvar tid gjeldande grunntaksten i prosjektet.
Eg legg til grunn at Statens vegvesen vil arbeide med å få på plass ei prøveordning så raskt som mogleg no når dei nødvendige lokalpolitiske vedtaka er på plass.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.