Interpellasjon nr. 4 · 2026-2027
om kva statsråden vil gjere for å sikre at vedtak som er gjorde, og saker under handsaming, byggjer på rett forståing av forringingsforbodet i vassforskrifta § 12.
Geir Jørgensen (R) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Sigrun Aasland, 25. september 2026.
- Fra
- Geir Jørgensen (R)
- Til
- Klima- og miljøministeren · Sigrun Aasland
- Datert
- 25. september 2026
- Besvart
- 15. oktober 2026
Miljøvern · Forurensning · Lokalforvaltning · Bygningsvesen
Spørsmål
Rettleiaren til vassforskrifta § 12 seier i punkt 3.1 at det berre er forringing når heile vassførekomsten fell ein tilstandsklasse. EU-domstolen slo i 2015 fast at det er nok at eitt kvalitetselement fell ein klasse. Ligg elementet alt i lågaste klasse, er all vidare forverring forringing. EU har no skrive dette inn i vassdirektivet. Klima- og miljødepartementet skreiv 27. august 2026 til EFTAs overvakingsorgan at punkt 3.1 er uklart, og at rettleiaren skal oppdaterast. Rettleiaren blir brukt i konsekvensutgreiingar i saker som er til handsaming no. Departementet har ikkje sagt kva som gjeld fram til oppdateringa, eller kva som skjer med vedtak som kan byggje på feil terskel.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at vedtak som er gjorde, og saker under handsaming, byggjer på rett forståing av forringingsforbodet?
Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Jørgensen →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.