Interpellasjon nr. 3 · 2026-2027
om kva statsråden gjer for å unngå historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse.
Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 15. september 2026.
- Fra
- Kjersti Toppe (Sp)
- Til
- Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
- Datert
- 15. september 2026
- Besvart
- 15. oktober 2026
Helsevesen · Omsorgstjenester
Spørsmål
Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret.
Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?
Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.