Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Interpellasjon nr. 2 · 2026-2027

om statsråden og regjeringa snarast mogleg vil endra takstane for fastlegar når det gjeld sjukmelding.

Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 3. august 2026.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
3. august 2026
Besvart
15. oktober 2026

Trygder · Helsevesen · Arbeidsliv · Lønn og inntekt

Spørsmål

Regjeringa har innført eit nytt prinsipp der pengar skal styra utfallet av pasientmøta på fastlegekontoret. Dei nye takstane for sjukmelding premierer legar som ikkje skriv ut sjukmelding til pasienten, eller som skriv ut gradert sjukmelding. Fastlegeordninga i Noreg har vore ein suksess, og tenesta hamnar høgt oppe på omdømemålingar. Den største grunnen til det er tilliten som pasienten har til legen sine vurderingar. Med det nye takstsystemet vert pengar kopla inn slik at legen får meir pengar ved visse avgjerder. Prisen er sviktande tillit. Mange legar vil no få kommentar frå pasientane sine om at vurderingane dei kjem med om sjukmelding, ikkje er faglege, men pengestyrte. Det nye takstsystemet er difor prinsipielt uetisk og ein fare for tilliten mellom pasient og lege.
Vil statsråden og regjeringa snarast mogleg endra takstane for fastlegar når det gjeld sjukmelding?

Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.