Skriftlig spørsmål nr. 74 · 2026-2027
Til podcasten "Byggeplassen" hevdar samferdselsministeren at FRE16, Bergensbanens forkorting, ikkje er prioritert i Nasjonal transportplan. Kan eg be om at det vert gjort greie for status og framdrifta for prosjektet i henhald til fleirtalsvedtak Stortinget fatta i samband med NTP?
Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 6. oktober 2026. Svaret kom 13. oktober 2026.
- Fra
- Trond Helleland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
- Datert
- 6. oktober 2026
- Besvart
- 13. oktober 2026
Spørsmål
Til podcasten "Byggeplassen" hevdar samferdselsministeren at FRE16, Bergensbanens forkorting, ikkje er prioritert i Nasjonal transportplan.
Kan eg be om at det vert gjort greie for status og framdrifta for prosjektet i henhald til fleirtalsvedtak Stortinget fatta i samband med NTP?
Svar
Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 13. oktober 2026
Etter behandlinga av Nasjonal transportplan 2025–2036 bad Stortinget regjeringa om å leggje fram ei sak som innpassa prosjekta det vart fleirtalsvedtak for i Stortinget i NTP-porteføljen, seinast i samband med RNB 2025 (vedtak 836).Regjeringa la fram planen for innpassing av prosjekta allereie i Prop. 1 S (2025). Om Fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 Skaret–Hønefoss (FRE16) står det: «Ringeriksbanen og E16 Skaret–Hønefoss blir førte vidare som i dag som eit fellesprosjekt under Nye Veier AS utanfor den ordinære porteføljen til selskapet, i tråd med Stortinget sitt oppmodingsvedtak.»Eg viser elles til svaret mitt på spørsmål 617 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Morten Wold.Regjeringa har ført vidare FRE16 som eit fellesprosjekt hos Nye Veier. Framdrifta og oppstart avhengar av dei årlege budsjetta.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.