Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 70 · 2026-2027

Kva vil samferdselsministeren gjere for at vintervedlikeholdet og vinterberedskapen blir styrka og sikra for neste vinter, både for riks og fylkesvegnettet?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 6. oktober 2026. Svaret kom 14. oktober 2026.

Til
Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
Datert
6. oktober 2026
Besvart
14. oktober 2026

Spørsmål

Kva vil samferdselsministeren gjere for at vintervedlikeholdet og vinterberedskapen blir styrka og sikra for neste vinter, både for riks og fylkesvegnettet?

Begrunnelse

Mange melder om at det til kommende vinter kan bli ein ulykkesvinter pga at ein fryktar at beredskapen vil gå ned pga mangel på vintervedlikehold.

Frykta for dårligare vinterberedskap og vedlikehold er begrunna i dei vanvittige krav for nullutslipp, og andre krav til miljøkrav og utstyr, som gjer at budsjetta verken for Statens vegvesen eller fylkeskommunen ser ut til å kunne holde.

Eg har dei siste åra stilt mange spørsmål til samferdselsministere med bakgrunn i påvist manglande vintervedlikehold, dårlig brøyting og strøing, også på våre viktigaset motorvegar inn mot Oslo.

Ved mange situasjoner dei siste åra, ved mange ulykker og hendelsar ved trafikkstopp på våre motorvegar, har det vist seg å være store utfordringar for å få på plass tilstrekkeleg og raskt bergingsbilar for å kunne få trafikken på plass igjen etter ulykker og stans av til dømes vogntog.

Dette vart lova å rydde opp i, og der beredskapen ikring dette skulle styrkjast.

Svar

Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 14. oktober 2026

Innleiingsvis vil eg peike på at fylkeskommunane har ansvaret for eigne fylkesvegar. Dette inneber at dei sjølve må prioritere og planleggje for vintervedlikehald og vinterberedskap på sitt eige vegnett.

Regjeringa vil sikre vinterdrifta og vinterberedskapen på riksvegnettet. Dette skjer gjennom driftskontraktar, tett oppfølging av kontraktskrava og vidare styrking av beredskapen ved trafikkstans og berging. Krava til vinterdrift ligg fast og skal oppfyllast uavhengig av miljøkrava i kontraktane. Trafikktryggleik og framkome er styrande for innsatsen.
Miljøkrava endrar ikkje krava til vinterdrifta. Omfanget av brøyting, strøing og andre tiltak styrast av vêr, føre og omsynet til trafikktryggleik og framkome. Kontraktane inneheld fastsette krav til innsats, responstid og resultat.

For å redusere konsekvensane av langvarig trafikkstans har Statens vegvesen utvikla digitale verktøy for å identifisere risikostrekningar og vurdere lokale omkøyringsalternativ. Etaten har òg etablert standardiserte rutinar for rask fjerning og berging av køyretøy som har køyrt seg fast.

Statens vegvesen er vidare i prosess med å inngå ei felles rammeavtale med politiet om fjernings- og bergingstenester. Avtalen skal følgjast opp med lokale rutinar mellom politidistrikta og Statens vegvesen sine geografiske driftsområde. Dette skal leggje til rette for proaktiv plassering av bergingsressursar ved varsla uvêr, rask bestilling av bergingskapasitet ved akutte hendingar og tydelege roller og ansvar.

Statens vegvesen har samtidig eit nasjonalt ansvar for samordning av trafikkberedskapen på det offentlege vegnettet. Vegtrafikksentralane har ei sentral rolle og bidreg til felles situasjonsforståing og samordning mellom vegeigarar, entreprenørar og naudetatar ved varsla og akutte hendingar. Dette er særleg viktig ved krevjande vêrhendingar, der god samhandling på tvers av vegeigarane er nødvendig for å ivareta framkome og trafikktryggleik.

Statens vegvesen følgjer opp gjennom vintersesongen at entreprenørane utfører vinterdrifta og dokumenterer resultata i samsvar med kontraktane. Oppfølginga omfattar òg beredskap ved hendingar som påverkar framkome på riksvegnettet. Behovet for vinterdriftstiltak vil variere med vêr- og føreforholda. Ved særleg krevjande vêrhendingar kan det i kortare periodar vere vanskeleg å halde oppe den ønskte standarden. Trafikantane må derfor òg tilpasse fart og køyremåte til forholda, halde tilstrekkeleg avstand og bruke dekk som er eigna for vinterføre.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.